200 000 til det som kan bli ski- og badeanlegg: – Eit tilbod for både hyttegjester og fastbuande

Omstillingsstyret i Fyresdal løyver 200 000 kroner til «Forprosjekt ski- og badeanlegg i Birtedalen», ved Solliåsen Nord AS.

Publisert

I saksutgreiinga skriv Tor Gunnar Austjord, dagleg leiar Omstilling Fyresdal, at å få etablert slike aktivitetstilbod vil styrke produktet Birtedalen, og vere eit tilbod for både hyttegjester og fastbuande i heile Fyresdal.

– Aktørane i Birtedalen er aktive, og investerer store summar i utvikling av området. Det er skapt fleire arbeidsplassar rundt denne utviklinga, særleg i form av vare- og tenestekjøp, opplyser Austjord.

Solliåsen Nord AS, eigd av Kurt Hagane, ynskjer i samarbeid med andre aktørar i Birtedalen å utvikle aktivitetstilbodet for hyttegjestene. Aktørane planlegg skileikanlegg med skitrekk/varmestoge og badeplass ved Birtevatn. Desse tiltaka er i utgangspunktet kostnadsrekna til 9,4 millionar kroner.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS