Koplar av: Tid til å slappe av vart det og. Her er det Anette Groven, Gro Anita Bjørnfeld, Kathrine Rui og Aslaug Sollid som koplar av med å lese.
VTB
4H-leiarar på DAF-kurs i Flatdal
Leiarar i 4H i Telemark var i helga samla til DAF 1-kurs på Flatdal skule. DAF står for drift av 4H klubb, og her var det samla 33 ivrige og læreviljuge 4H-leiarar der dei fleste kom frå Vest-Telemark.
Målsetjinga med desse kursa er å styrke styret i 4H- klubbane slik at dei på ein endå betre måte kan leie klubbane sine når dei kjem attende, seler fylkesagronomen i 4H i Telemark, Torunn Raftevold Rue.
Klubbbane Førsdal, Heia, Lifjell, Mælefjell, Roan, Rust, Skorve og Stjerna 4H hadde representantar på DAF-kurset i Flatdal som gjekk over heile helga. Frå fredag kveld klokka 18 til sundag klokka 14 heldt kurset på, og deltakarane vart fordelte på fire grupper alt etter kva funksjon dei hadde i heimeklubben. Det var ei leiargruppe, ei sekretærgruppe, ei kasserargruppe og ei gruppe for styremedlemmer. Dei tre instruktørane, Anne Guro Vreim, Kristin Vasbø og Gry Hovland er alle ferdige med 4H-programmet, og hadde ingen problem med å få deltakarane med seg.
– Målsetjinga med desse kursa er å styrke styret i 4H- klubbane slik at dei på ein endå betre måte kan leie klubbane sine når dei kjem attende, seier fylkesagronomen i 4H i Telemark, Torunn Raftevold Rue.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP