Ny ungdomsklubb: Leif Theodor Moen inviterer til ungdomsklubb i Kviteseid.
VTB
Actionfylt tilbod til ungdomen
Trail, hinderløype og huske på seks meter er blant aktivitetane ungdomsskuleelevane i Kviteseid får tilbod om å vera med på frå i haust.
Det er Leif Theodor Moen som inviterer dei unge til ein ny ungdomsklubb. Fyrste klubbkvelden blir på Betel komande torsdag.
- Eg har ikkje klart å klekke ut eit namn på klubben endå, men eg satsar på at ungdomane har mange gode forslag, seier Moen. Det blir fem klubbkveldar på denne sida av nyttår. I haust er det bygging av ei seks meter høg huske som står i fokus. Men det blir også filmkveld og spelekveld før klubben tar joleferie. Til våren reknar Moen med at hinderløype og trail blir ein del av ungdomsklubben. To trailsyklar er alt på plass, og Moen seier det også kan bli aktuelt med mekking av sykkel.
- Poenget er å samle ungdomen om noko positivt i eit trygt miljø. Dette er eit alternativ til å hengje på hjørnet, seier Moen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP