Åmdal/Tokke blir eigen fotballklubb
Frå årsskiftet skiljer Åmdal IL og Åmdal/Tokke fotballgruppe lag, slik at fotballgruppa blir eigen klubb.
Dette blei samrøystes godkjent på årsmøtet i idrettslaget 23. november. Eit godt besøkt årsmøte godkjende årsmeldinga frå styret og gruppene, medan styret og revisor blei bedne om å godkjenne rekneskapen seinare. Elles er laget 75 år i 1991, og det nye styret må ta initiativ til ei markering av dette. Det blei elles opplyst at laget har gjeve 2 000 kr til hjartestartar, men avslege invitasjon til aksjekjøp i Vest-Telemark LokalTV. Treningsbanen ved Gåstjønn vil truleg ikkje bli nytta til fotballtrening i framtida, og idrettslaget kan dermed nytte ljoskastarane til andre ting. Det blei orientera om at løpebanen på idrettsbanen skal kunne bli klar til våren, for massa som skal leggjast er klar. Vidare er ny trasé for ljosløypa utarbeidd, men ikkje ferdig kostnadsrekna. Saka ligg hjå teknisk etat, og ein må avklare kva kommunen er viljug til å løyve til anlegget.
Val: Hovudstyre: Inger Synnøve Fles Lie, leiar, Ingar Reinskås, nestleiar, Sigrunn Rinden, kasserar, Stein Otto Byggstøyl, sekretær, Kjell Husby og Asbjørn Rinden, styremedlemer, Olav Hervik, vara.
Friidrettsgruppe: Unni Bendiksen Tjønnhaug, Anni Smeland og Martha Karlsen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP