Blått ljos for skogskulen i Treungen
Staten seier frå seg ansvaret for skogskulen i Treungen – vil fylkeskommunen ta det på seg? Dette spørsmålet reiser seg etter at staten har sagt opp leigeavtala og stiller lokaler og utstyr gratis til rådvelde.
– Skulen og Nissedal kommune har teke opp saka og vil forhandle med fylkeskommunen om vidare drift. No gjeld det å skuve på fylkespolitikarane, sa ordførar Brynjulv Nordbø då han orienterte i kommunestyret torsdag kveld. Skogskulen i Treungen ligg under Statens Yrkesskule for skogbruk i Kongsberg. Den nye skulestrukturen for dei vidaregåande skulane har ført til at ansvaret for landbruksskulane er overført frå Landbruksdepartementet og staten til fylkeskommunane. Det er bakgrunnen for at staten seier opp leigeavtala.
— Det er gledeleg å høyre at kommunen alt har teke opp arbeidet med framtida for skulen, sa rektor og kommunestyrerepresentant Jon Inge Nordbø og opplyste at fylkesskulestyret skal drøfte skogskulen i Treungen i mars og fylkestinget i april. Difor er det om å gjera å handle raskt, la han til. Til VTB seier Nordbø at freistnader på å få skogskulen inn under fellesopptaket i fyrste omgang ikkje har ført fram. Til hausten vil elevopptaket difor skje direkte gjennom skulen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skulen i Treungen er den einaste i Telemark som gjev grunnopplæring i skogbruksfag. Det bør knyte seg sterke interesser til å halde oppe skulen som skogskule. Dessutan er det valår i år, som det blir sagt til VTB.