I SPISSEN: Me håpar folk fekk auga opp for det me meiner, seier leiinga fordemonstrasjonen: Liv Unni Hansen, Hilde Vaa, Marius Vindal, Ingrid Seltveit, Elfrid Moen, Sune Willumsen og Knut Peder Fossland.
Dalen-elevar i demonstrasjonstog for ein betre skule
«Nei til skulepengar» og «Lovfest retten til vidaregåande skule» var nokre av parolene då dei 250 elevane på Dalen vidaregåande skule gjekk i demonstrasjonstog torsdag. På kort varsel vedtok elevrådet ved skulen å skipe til ein fredeleg demonstrasjon etter oppmoding frå Norges Gymnasiastsamband om ei markering torsdag.
– Me vil demonstere mot fleire nedskjeringar på skulebudsjetta her i fylket, seier Marius Vindal i elevrådet, berre her på Dalen har fleire plassar forsvunne frå den vidaregåande skulen. Dei tek inn mange elevar fyrste året, og så er det ikkje plass til alle dei andre åra, seier Marius.
Elevrådet meiner også det er for få elevplassar på skulen.
– I år var det 8 søkarar til 30 plassar på allmennfagleg studieretning.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP