Flittige: Elevane på Flatdal skule brukar datarommet flittig, og ofte kjem spela fram. Frå venstre: Rektor Signe Kvåle Rue, Ivar Barstad, Hilde Laila Dyrland og Anette Groven.
Privat
Datasentralen for heile bygda
For 50 år sidan var det felles bygdebad i mange bygder. No har alle sitt eige.
For 30 år sidan var det felles fryseanlegg, no har alle sin eigen frysar. Snart har vel kanskje alle også si eiga datamaskin, men i mellomtida har Flatdal skule laga eit feiles datasenter for heile bygda. I tre veker held skulen «ope hus» der dei som vil kan kome innom og prøve seg på datamaskinene.
-Til no har me hatt nokre elevar, foreldre og ein del andre vaksne folk på besøk, og alle har fått prøve seg framfor tastaturet, seier rektor Signe Kvåle Rue. Her kan ein til dømes gjere skulearbeid, skrive rapportar og brev eller rett og slett bruke dei dataspela me har her, seier ho. For dataspela ligg klare på maskinene, og initiativtakarane meiner det er betre at nokon er der og spelar enn at ingen brukar tilbodet. Men nyttige program ligg også inne på maskinene. Forutan tekstbehandling, finn ein også ei pakke med database, kommunikasjonsprogram og regneark. Og dei som har seriøse interesser stiller framfor dei som berre vil bruke spela.
-Finst det bønder som er interesserte i å sjå korleis ein bruker dataprogram til å føre reknskap? Me jobbar for å få til ein demonstrasjon ved hjelp av eit reknskapskyndig menneske, lovar Signe som håpar skulen etter kvart kan bli oppfatta som ein serviceinstitusjon i bygda. I skuletida er mange av elevane ivrige på datarommet, og jentene er minst like ivrige som gutane. Fleire av klassene har nytta maskinene til å gjere oppgåver på, og 3/4. klasse er med i eit prosjekt knytt til programmet «Autograf», eit teksbehandlingsprogram for bruk i skulen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP