«No må Nisser reddast!»: Urbefolkninga i Nissedal, her representert ved kultursekretær i Nissedal, Leif Arild Sanden og Harald Valle, gav klar beskjed om kva som må gjerast. Her i eit opptrinn ved hellemålingane ved Omnen på Fjone.

«De må redde Nisser!»

Stortingsrepresentantar, fylkestingspolitikarar, representantar frå Nissedal og Kviteseid kommune, samt andre deltakarar fekk klar tale frå «urbefolkninga» i Nissedal på valkampopninga til Telemark Høgre på Nisser fredag. Svaret var ikkje like klart, men i Nissedal er det stor tverrpolitisk semje om å gjere det som må gjerast for å redde den tiande største innsjøen i Noreg frå å døy.

Og det er ikkje små summar som må til. Kalkingsaksjonen er rekna til å koste mellom ti og femten millionar. Det vil seie at ein må auke summen som no går til kalking av vatn med minst 50 %. Dette er no i underkant av 30 millionar, men samanliknar me med kva Sverige nyttar til dette føremålet, blir det for småpengar å rekne. Som stortingsrepresentant Ingvald Godal sa det: «Me kan ikkje la denne perla av ein innsjø bli øydelagt.»