Foreslått nedlagt: Lensmannskontoret i Seljord er blant kontora som er foreslått nedlagt.

– Eg skjønar ikkje argumenta

Det seier Seljord-ordførar Halfdan Haugan etter at Kviteseid og Åmot er dei lensmannskontora som politimeisteren har tilrådd i Vest-Telemark.

Publisert

– Eg har vanskeleg for å skjøne argumenta til politimeisteren ved å leggje eit kontor til Kviteseid framfor Seljord. At avstand skal ha noko å seie forstår eg lite av. Det er ikkje nokon raud tråd i det politimeisteren presenterer. For kontoret i Åmot er E134 viktig, men ikkje i Seljord, uttala Haugan i rådsmøtet tysdag.

For med berre to kontor i Vest-Telemark er det nettopp den geografiske inndelinga og avstandane til dei kommunane som ikkje får lensmannskontor som har vore retningsgjevande for politimeisterens tilråding.

– Kviteseid ligg nærare Nissedal, og Åmot grensar mot distriktet i vest. Men dette er ei reell høyring og det er no og fram til 1. desember at innspela må kome, sa politimeister Christine Fossen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS