Får 200 000 kroner til nye glas
Eit samrøystes Vinje kommunestyre vedtok denne veka å imøtekome søknaden frå Vinje Handtverkslag på 200 000 kroner for utskifting av vindauga, samt etterisolering av veggar og oppussing av to bad, på Haugsæl i Bøgrend. Bygget, som vart oppført i 1939, blei kjøpt av handtverkslaget i 2006.
– Dette er eit godt tiltak for å spare straum og det er eit viktig forsamlingshus for grendene. Aktiviteten i huset er stor. Det er eit stort pluss for ei grend å ha eit hus der dei kan samlast til litt større møter enn dei kan samle i ein heim. Det er positivt for samhaldet i bygda og dugnadsånda som lever vidare. Kommunen sitt bidrag her på kr 200.000,- gjev store ringverknader i eit kulturelt og medmenneskeleg hopehav, heiter det i vurderinga frå administrasjonen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP