Fekk ja til konsesjon på naboeigedomen
Plan- og miljøutvalet i Vinje gjev Wenche Seltveit Skolås og ektefelle Lars Tore Seltveit konsesjon på erverv av gnr. 106/14 Listog i Øyfjell. Eigedomen skal samanføyast med gnr. 106/1. Etter konsesjonslova blir det sett vilkår om upersonleg buplikt ved at nokon er registrert busett på eigedomen i minst fem år i tråd med folkeregisterlova.
Wenche Seltveit Skolås eig naboeigedomen Skolås gnr. 106/1 der ho og Seltveit med familie bur og driv garden. Dei har nyleg bygd ny driftsbygning med mjølkerobot og plass til 30 mjølkekyr pluss ungdyr. Dei har til saman 63 dyr pr. i dag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seljar av Listog er Klara Gunhild Listog, og prisen er 2,2 millionar kroner. Listog er på 360 dekar, der 16 dekar er fulldyrka og 300 dekar er produktiv skog. Det er eit bustadhus der frå 1952 med middels standard, og ei god hytte og uthus. Eigedomen blei delt ifrå Skolås på 1930-talet, og har i mange år vore leigejord for Skolås. Eigedomane har felles grense, og jordbruksarealet heng i hop. Tilkomst til Listog er gjennom tunet på Skolås.
Søkarane skal nytte eigedomen som tilleggsjord til gnr. 106/1. I tillegg vil dei leige bort bustadhuset og eldhuset til fastbuande. Det blir opplyst i saka til utvalet at mor til Seltveit vil flytte dit frå Høydalsmo.
– Rådmannen legg vekt på at samanslåing av desse eigedomane vil gje ei god rasjonell eining, og skape større tryggleik for den investeringa som er gjort i mjølkeproduksjon på Skolås, når han vil tilrå å gje konsesjon, er konklusjonen som blei gjeve til utvalet.