Flatland rasar mot mediaskuldingar
Hallvard Flatland har varsla at han vil gå til sak mot avisa Dagens Næringsliv på grunn av det han kallar «lavmål og usanne påstandar» vedrørande hans forhold til fjernsynsselskapet TVNorge.
Flatland tek på det sterkaste avstand frå avisas opplysningar, som var refererte i VTB sist torsdag. Då det endeleg lykkast VTB å kome i kontakt med Flatland, avviste han påstandane om at han skal ha motteke 3,6 millionar kroner i 1990 frå TVNorge.
– Den summen det her er tale om, er for det fyrste brutto omsetjing i firmaet mitt, Euro TV. Og det tyder som kjent ikkje det same som inntekt. Dessutan utgjer honorara mine frå TVNorge bare ein liten del av denne totale summen, seier Flatland. Han tilbakeviser også einkvar påstand om at han nokon gong har sagt til Dagens Næringsliv at han er tilsett i TVNorge.
– Eg har aldri blitt spurd av avisa om noko i denne saka, seier han forarga, og legg til at han aldri ville prøvd å skjule si konsulentstilling for TVNorge.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP