Kvar femte vaksen i Noreg har ikkje vitnemål eller fagbrev frå vidaregåande opplæring. Frå hausten tilbyr Lånekassen betre ordningar for vaksne. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK
Frå hausten tilbyr Lånekassen lån til du er 50
Frå neste studieår kan du søke om lån til du er 50 år, utan at støttebeløpet blir redusert. I dag er aldersgrensa 45 år.
I tillegg blir aldersgrensa heva for når lånet må vere tilbakebetalt, frå 65 til 70 år.
Vidare blir kravet fjerna om minst 50 prosent studiebelastning for å få støtte. Dermed kan ein få støtte òg om ein til dømes studerer 20 prosent ved sidan av jobb.
– Lånekassen vil bidra til at flest mogleg fullfører vidaregåande opplæring, seier administrerande direktør Nina Schanke Funnemark i Lånekassen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP