Høge bensinprisar held seg truleg utover sommaren
Somme stader i Noreg må ein no betale over 19 kroner for bensin og 17 kroner for diesel. Truleg vil det ta tid før prisane fell igjen.
Årsaka til dette er todelt, skriv NRK.
Ei side av saka er at det er fellesferie, noko som bruker å presse opp prisane. Ein annan er at råoljeprisane er høgare enn dei har vore på lenge. Ved stengjetid på Oslo Børs tysdag vart eit fat nordsjøolje omsett for 75 dollar fatet.
– Vi må nok rekne med at dei pumpeprisane vi har no, held seg gjennom sommaren. Så byrjar køyringa å minke og bensinpremien over oljeprisen dabbar av litt utover hausten, seier sjefanalytikar Bjarne Schieldrop i SEB.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP