Huseby-kanna kom «heim» til familien
For 12 000 kroner fekk ein med same ættenamnet tilslaget på sylvkanna som Torjus Hemmestveit vann i 1884.
Nyleg dukka ei 13,5 centimeter høg sylvkanne opp til auksjon hjå Blomqvist nettauksjon. I fronten på kanna var det ein rund medaljong med inskripsjonen «4de Præmie. Torjus Torjussen Hemmestvedt ved Skirændet paa Huseby 1884». Det var difor ingen tvil om at dette var ein av dei svært mange premiane Torjus og broren Mikkel vann i skirenn. Korleis premien kom ut av slekta er det ingen som veit, men ein sannsynleg teori er at ho blei seld for å skaffe pengar. Auksjonen hjå Blomqvist nettauksjon starta laurdag 14. februar, og sylvkanna var vurdert til å koste mellom åtte og tolv tusen kroner. I fylgje bodhistorikken var fire interessentar med på bodrunden som starta på 6 000 kroner. På 7 200 kroner gav den fyrste seg, medan nummer to ikkje ville gå over 10 000 kroner. Dermed stod to bodgjevarar att. Den eine gav seg etter kvart, og om kvelden tysdag 17. februar fekk Torjus Sandåker tilslaget. Dermed var skipremien tilbake i familiens eige. Torjus Sandåker, som er busett i Oslo, er fødd og oppvaksen i Morgedal. Namnet sitt har han frå Hemmestveit-ætta; den store skiløyparen Torjus Torjusson Hemmestveit, som hadde vunne premien som no var til sals, var bror til langbestefar hans. Langbestefaren var Bjørgulv Torjusson Hemmestveit (1854- 1892). Av ættesoga for Kviteseid går det fram at Bjørgulv var eldst i ein syskenfl okk på åtte, der to av brørne Torjus (1860-1936) og Mikkel (1863-1957) sette spor etter seg i norsk skihistorie. Han som no fekk hand om Huseby-premien er son til Bjørgulv Sandåker (1921- 2012). Mor til Bjørgulv var Birgit Hemmestveit (1884-1964), som var dotter til Bjørgulv Hemmestveit, bror til dei to kjende skiløyparane. Morgedølen Torjus Torjusson Hemmestveit vann mange skirenn. – Han vann mellom anna den aller fyrste femtikilometeren som blei arrangert. Det skjedde i 1888, og tida var 4:26, fortel Torjus Sandåker, den nyslegne eigaren av ein av dei mange pokalane som Hemmestveit-brørne vann.