Ikkje bilbingo for motorklubb
Lotteritilsynet seier nei til ein søknad frå Åmli og Nissedal motorklubb om å arrangere bingo i eitt år, fram til 1. februar 2023.
Avslaget kjem fordi motorklubben ikkje er godkjend som lotteriverdig organisasjon etter lotterilova, og kan derfor ikkje få løyve til å arrangere foreiningsbingo.
Elles informerer tilsynet at klubben kan søke via nettet om å bli godkjent som lotteriverdig organisasjon.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP