Godt utval: - Her vil nok dei fleste finne ei jolegåve eller to, lovar Kirsten Hollås, Berit Vareide og Åse Øye Rossland frå Nistog Handverkstun. I år er det andre året med jolemarknad, og dei prøvar no med sal over to helger.
VTB
Jolestemning i Eidsborg
— Nei jolesongane vil me vente med til 1. desember, det er for tidleg med dei no. Seier Kirsten Hollås i Nistog Handverkstun. I helga hadde dei opning av jolemarknaden i Eidsborg, og i år sel dei varer frå over 30 produsentar.
For å fordele handelen er det lagt opp til seks salsdagar over to helger, dermed er det også mogleg å fylle opp med varer det går mykje av.
— Her har me mange ulike produkt, til dømes nissar i mange ulike variantar, dukar, løparar, eit godt utval i knivar, keramikk, pepperkaker, vottar, sokkar og barnekubbestolar, fortel jentene frå Nistog Handverkstun. Mest alt er kommisjonssal der Nistog får prosentar av salet.
— Det var litt spennande før me opna salet fordi me ikkje visste kva me fekk inn, men det kom veldig mykje fint frå dei 30 produsentane, og til helga kjem det truleg endå fleire produkt, seier Berit Vareide som er ein av dei fem i Nistog Handverkstun. Med seg har ho Kirsten Hollås, Torunn Haugsevje, Sigrunn Gravalid og Åse Øye Rossland.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP