Kalddusj for sveitte flatdølar?
Elevane ved Flatdal skule må nok framleis finne seg i å dusje i vatn med mange ulike temperaturar etter gymtimane.
Skulen nyttar samfunnshuset til kroppsøving og der er dusjtilhøva lite tilfredsstillande. Rektor Signe Kvåle Rue har også oppdaga misnøye blant gymlærarane, og pålegg om hygiene for elevane går ofte i vasken.
-Vatnet har mange rare temperaturar, men sjeldan den rette, skriv Signe i håp om å halde sitt ansvar på det tørre. Men styret for huset har ikkje råd til nye dusjar, og det har ikkje Seljord kommune heller. Styret har fått pristilbod på om lag 20 000 kroner på ein ny blandeventil med 15 sparedusjhovud, men ei tom kasse i lutlaget gjev ikkje rom for slike investeringar no. I haust måtte det kronerulling til for å berge økonomien og leiar Olav Haugsvold ynskjer ikkje å ta seg vatn over hovudet ein gong til. Styret søker derfor om løyvingar frå kommunen til opprustinga. Men rådmannen kjøler saka ned med kaldt vatn. All den tid kommunen betalar leige er det ikkje rett at kommunen også skal stå for nyanlegget, meiner han etter å ha spurt både Oddvar Skule og Rune Kultur om pengar frå deira budsjett. Han rår derfor styret for samfunnshuset til å nytte husleiga til opprustinga. Så spørs det om det kjem eit meir temperert vedtak frå formannskapet torsdag.
Pistol på vidvanke i Vinje
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP