Klokkehandel og bladstykke med feilskjer

I VTB 9/3 kan ein lese um ein handel med etterlikning av Rolex armbandsur.

At det var ei etterlikning (falsk), er vel ingen usamde om, og klokka er kjøpt på ein offentleg auksjon for kr 505 + salær. VTB gjer fylgjande feilskjer:

I. Ein upplyser ikkje at klokkekjøparen vart vel informera både av handlaren og ein annan person før handelen vart avslutta.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Ein søkjer ikkje informasjon av seljar, berre av kjøpar.

3. Det blir offentleggjort feilaktige upplysningar.

4. Klokkehandlaren er ikkje umreisande. For ordens skuld skal opplysast korleis handelen kom i gang. Klokkehandlaren fekk ordre frå ein kamerat um at klokkekjøparen ville kjøpe denne klokka, og klokkehandlaren var då inn til kjøparen og levera klokka ein dag han forden vegen. At klokka var dårleg og ikkje svara til forventningane og prisen, skynar ein godt. Handelen vart umgjort etter god, gamal handelstradisjon, og handelen hadde vorte umgjort utan bladskriving. So her er det 0 poeng til VTB. Klokkehandlaren hev ikkje kjent noko til varme eller kalde føter av denne handelen, men kan hende bladet kjenner ising i føtene etter dette, og då vil me gjeva han eit godt råd: Gå til ein bonde og kjøp eit saueskinn. Som lensmann Andreas Rinden seier so er det etterlikningar (falske) av mange klokker, både Rolex, Omega, Seiko, Tissot, Longines i handel på den sokalle frie marknaden. Me vil karakterisere desse tidlegare bladstykka som guteaktige, og at bladet må prøve å vera samfunnsvaktar på andre måtar, og heller ikkje må ein blande seg i andre folks saker. Prøv heller ikkje å henge ut folk som kjeltringar, det vitnar um dårleg mentalitet. Det er noko som paragrafane kallar ærekrenking.

Bondevenlege klokkekarar

(Lesarinnlegg 19. mars 1991)