– Kom innom skulen vår!
– Seljord vidaregåande skule er ikkje lenger husmorskule, me har ikkje husstellfag ein gong, seier rektor Gerd Amundsrud som i dag og onsdag opnar dørene for open skule.
Då kan 9. klassingar sjå kva dei kan velje, men skulen ser gjerne også at bygdefolk tar ein tur innom skulen. Dei i siste åra har Seljord vidaregåande skule hatt open skule ein dag i året for å syne fram kva skulen har å tilby.
– Me må marknadsføre oss litt, også for bygdefolk, seier Gerd Amundsrud. Mange betraktar framleis skulen som den gamle husmorskulen,. men det er det ikkje lenger. I 1976 skifta skulen namn til Seljord vidaregåande skule, men det tar tid å arbeide inn. Den siste skulen med husstellfag kutta det ut i fjor, og no er det ikkje husstell på ein einaste skule, seier ho. Skulen kan no tilby grunnkurs kokk, det som før var grunnkurs kokk, servitør, husstell. Vil ein ha eitt år til, kan ein ta det vidaregåande kurset. Men det kvalifiserar ikkje til fagbrev før ein har vore lærling. Skulen har også ei hjelpepleiarline.
– Me har om lag 70 elevar frå heile Telemark, men dei fleste kjem frå Vest-Telemark, seier rektor Gerd Amundsrud. 15 av desse bur på internatet medan resten pendlar eller bur på hybel i bygda. Det er ikkje som før då mest alle budde på internatet, seier ho.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP