Diskuterte: Nokre av ungdomane i Fyresdal møtte opp på Sør-Norsk Økosenter for å diskutere kva som kunne gjerast for å halde på ungdomen i bygda, og kva som kunne gjerast for å auke trivselen.
VTB
Kvifor flyktar Fyresdal-jentene?
Det viser seg at mykje ungdom, og då særleg jenter i alderen 17 til 25 år, reiser ut av bygda.
Mobiliseringsprosjektet i Fyresdal mobiliserte nokre av ungdomane til sjølv å kome fram til kvifor mange drog frå bygda, og til å leggje fram kva del meinte måtte til for at ungdomen skulle bli verande. Ungdomane var samde om at det mest positive som hadde skjedd siste året var oppstartinga av fritidsheimen på Gardar, særleg då for del yngre ungdomane.
Det kom fram at miljø og tilbod har svært mykje å seie for trivselen, og at ein må ha utsikter til arbeid viss ein skal bli verande. Det å arbeide i landbruket er aktuelt viss ein har ein gard ein kan drive, og det er mange unge på trappene til å overta gardar i Fyresdal.
- Eg er drittlei Fyresdal, og synest kommunen vasar vekk pengar. For nokre år sidan arrangerte Fyresdal NM i skiskyting, men no viser dei ingen interesse til å støtte dette arbeidet, seier Tone Bjaadal.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP