Kvikk til å vera daud

Det blei ein historietime utanom det vanlege då Talleiv Huvestad gjesta Vest-Telemark vidaregåande skule denne veka.

Publisert Sist oppdatert

– Ja gudag, eg heiter Talleiv Huvestad, og eg er i grunn daud, innleidde Leif Arild Sanden, og møtte latter frå elevgruppa. Takka vera grunnlovsjubileet fekk Sanden lagleg høve til å la Eidsvollmannen frå Skafså og Dalen stå opp att for ei stund. Sidan har det vore travelt. Fjoråret baud mellom anna på konferansieroppdrag og representasjon på Grimdalstunet og Vest-Telemark museum. I år har Sanden tatt med seg Huvestaden inn i klasserom på vidaregåande skular i heile Telemark. Framsyninga er eit samarbeid mellom Sanden, regissør Tor Arne Ursin og Grenland Friteater, på oppdrag frå Vest-Telemark museum. Onsdag var det Vest-Telemark vidaregåande på Dalen som stod for tur, og det var ein høgst levande og engasjert versjon av telebonden ungdomane fekk stifte nærare kjennskap til. Vendt direkte mot elevane kommuniserte Sanden ei historie om ein kunnskapsrik og spennande telebonde med meiningars mot.

Humor og historie

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS