Liten opplagsvekst for VTB
Vest-Telemark blad hadde eit opplag på 5536 i andre halvår 2020 og er framleis den tredje største avisa i gamle Telemark fylke.
Det er 44 meir enn det var i fyrste halvår 2020. Med unntak av Varden kan alle avisene i gamle Telemark fylke vise til pluss i opplagstala.
Tala viser elles at vel 1000 har eit digitalt abonnement på Vest-Telemark blad.
– Det er gledeleg at stadig fleire les Vest-Telemark blad. Me er ikkje lenger ei avis som kjem ut to dagar i veka, og er glade for at mange nå fylgjer nyheitsbildet kvar dag på vtb.no, seier redaktør Øystein Øygarden.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP