Ni pågripne i Seljord
Ni personar ved Televerket i Seljord vart torsdag pågripne sikta for å ha kopla telefonen utanom teljaren. Dei fleste har tilstått at dei anten har kopla om telefonen sin sjølv, eller at dei var klar over at teljaren vart manipulert med. Desse var hovudsakleg frå teknisk avdeling.
– Me har grunn til å tru at dette gjeld personar heilt cpp til avdelingsleiar-nivå seier politiinspektør Bjørn Vidar Bråthen til Vest-Telemark blad.
Det var torsdag lensmannskontoret i Seljord slo til mot Televerket i Seljord. Med hjelp frå lensmannskontora i Bø og Hjartdal vart ni personar pågripne og tatt til avhøyr på lensmannskontoret i Seljord. Alle er no på jobb igjen.
– Me har med saka ei tid, og hadde etterkvart «skjellig grunn til mistanke», seier Bråten. Derfor slo me også til så brått for å sikre bevis. Det viktigaste var å få alle inn til avhøyr, seier han. Dei tillitsvalde ved Televerket i Seljord vil ikkje kommentere saka.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP