Liv Karin (til venstre) og Brith Wenche i kroa der gåveartiklane finst.
«Nye» Blomsterbua opnar måndag
I april 1981 fekk Brith Wenche Aarstad tilbod om å overta Blomsterbua på Dalen. Ho takka ja til tilbodet frå Torhild Heimholt.
Blomsterbua har i alle år halde til i same bygget som Maysi, men måndag opnar Brith Wenche dørene i ny butikk i den nydelege restaurerte «Kaffistoga» som ligg ved sida av «Argarhus».
– Omsetnaden har auka med det doble på dei 10 åra eg har drive, og vareutvalet har stadig blitt utvida, og det har enda med plassmangel. Difor er eg glad for at eg no har fått 160 rutemeter til rådvelde, og eg skal lova kundane ein betre butikk, og med eit endå betre vareutval, fortel Brith Wenche.
Då Vest-Telemark Blad stakk innom torsdag, var det kaotiske tilhøve i ny-butikken, men når Blomsterbua opnar måndag, skal alt vere på plass.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP