Nye folk for Kviteseid AP
Nominasjonsmøtet i Kviteseid AP vil neste veke ta stilling til eit framlegg med seks kumulerte, av dei tre nykomarar i kommunepolitikken i Kviteseid.
– Om dette blir godteke, og om me gjer eit bra val og får fire representantar i formannskapet, vil det vera to kvinner og to menn, seier leiar i kommunepartiet og leiar i nominasjonsnemnda, Einar Leiv Søreide, til Vest-Telemark Blad. Nominasjonen i Kviteseid Arbeidarparti tok til med blanke ark — etter at heile kommunestyregruppa inklusive ordførar Johannes Skarprud sa nei til ein ny periode. Men så snudde det seg, og framlegget som no ligg på bordet, er ei liste samansett av «veteranar» og nykomarar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP