Paven skal til Irak på fredag
Trass i korona og terror vil paven vitja mellom anna Bagdad og Mosul i Abrahams fødeland.
Irak har til no ikkje fått vitjing av nokon pave, som det einaste av dei bibelske landa. Johannes Paul II hadde planlagt ein tur i 1999, men Saddam Hussein trekte invitasjonen, då han synst paven ikkje hadde teke skikkeleg avstand frå dei internasjonale operasjonane i landet.
Det er rikeleg med grunnar til å droppa turen no òg, og både terroråtaka og smittespreiinga i Irak gjer det vanskeleg. Men paven meiner ferda er så pass viktig at han dreg likevel, og han er vaksinert to gonger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Måla med den fire dagar lange reisa er å be saman med lokalkyrkja og venda seg til alle irakarar, både sjia- og sunnimuslimar, i von om fred. Og sjølv om det ikkje står på programmet, er det òg mogleg at paven skal møta jesidiane, ein religiøs minoritet som blei overfalt av IS.