Rerkordhogst
Heile Vest-Telemark melder om rekordhogst i skogen. I dag er det Vinje som driftsåret 88/89 sette rekord med 48.200 kubikkmeter, 13.000 meir enn rekorden frå året før.
– Det gode resultatet skuldast både gode driftstilhøve, Prosjekt Øvre Telemark og «etterrakst» etter vindfellinga hausten 87, meiner skogbrukssjef Torleiv Tho i Vinje. Avvirkinga i Vinje er i overkant av det såkalla balansekvantumet, og ein må vera meir enn nøgd om dette nivået kan haldast, seier Tho som legg til at vegbygginga er viktig for jamn avvirking. I fjor blei det bygt 21 km bilveg, 14 km traktorveg og 9 km slepe i kommunen. 199 skogeigarar sto for den totale avvirkinga som i kroner utgjer 15,8 millionar. 94 skogeigarar er registrera for kulturarbeid, og det blei sett ut 190.000 planter. Det blei tinga 220.000, men ein fekk ikkje alt på grunn av skader i planteskulen. Det blei rydda omlag 250 dekar i plantefelt med tilskot og i tillegg sprøytt omlag 90 dekar med helikopter. Ein er på vakt i høve til borkbilla. Kontrollfeller syner eit akseptabelt nivå i Vinje, sjølv om det er ein liten oppgang frå året før. Men i somme kommunar har populasjonen auka sterkt, slik at det er all grunn til å fylgje utviklinga, seier Tho.