Ulike tiltak: På eit webinar presenterte Bjørnar Ytrehus på vegner av Vitenskapskomiteen for mat og miljø ein fersk rapport om ulike tiltak rundt skrantesjuke. Det blir seinare bestemt kva tiltak som skal bli gjort.
Skjermbilde
Skrantesjuke: – Å utrydde villreinen på Hardangervidda er veldig drastisk, men kan vere rasjonelt
Vitenskapskomiteen for mat og miljø har lagt fram ein rapport som viser ulike tiltak rundt skrantesjuke. Eitt av tiltaka kan vere å utrydde villreinen på Hardangervidda, men det er gjev ingen garanti for å bli kvitt skrantesjuken.
Tysdag presenterte Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) ein kunnskapsrapport om skrantesjuke (CWD), risikofaktorar for at den kan bli spreia vidare og ulike tiltak ein kan gjere med problemet. Rapporten blei sist haust bestilt av Mattilsynet og Miljødirektoratet, etter at det i starten av sist september blei påvist skrantesjuke hos ein reinsbukk på Hardangervidda.
VKM har hatt eit prosjektgruppe med ulike fagpersonar som har jobba med rapporten, og Bjørnar Ytrehus har leia arbeidet. Han presenterte resultat og konklusjonar som er i rapporten.
– Problemet med skrantesjuke har prosjektgruppa bruka mykje av hausten å jobbe med, innleia Ytrehus.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP