Stor vaksinelevering på veg
Vaksineringa går ikkje veldig fort, men frå neste veke vil helsearbeidarar få meir prioritet. AstraZeneca-vaksinen er nemleg i kjømda, sjølv til småkommunane.
Lite har endra seg i smittebiletet i Telemark siste veka. Det er nivå 1 (smitte under kontroll) heilt til kysten, men det har vore ein del smitte i Skien, med 32 nye tilfelle på to veker. I Vestfold har Sandefjord nivå 3, og Holmestrand og Horten nivå 2. Utanom Vinje og Seljord som har hatt eitt registrert smittetilfelle kvar, er det ikkje påvist noko smitte i Vest-Telemark dei siste 14 dagane.
Smitte- og vaksinestatus
Smitta siste to veker (talet på smitta totalt i parentes) | Vaksinerte med første dose | |
Seljord | 1 (9) | 192 (6,6 %) |
Kviteseid | 0 (1) | 163 (6,8 %) |
Nissedal | 0 (0) | 99 (6,8 %) |
Fyresdal | 0 (1) | 72 (5,6 %) |
Tokke | 0 (7) | 152 (6,9 %) |
Vinje | 1 (27) | 236 (6,4 %) |
100 dosar AstraZeneca til Seljord
I Kviteseid blei det sett 42 vaksinedosar førre veke, og av dei var 19 andredosar. Seljord og Nissedal har hatt litt lågare tempo i det siste, men hovudbiletet er ganske likt i heile Vest-Telemark: Talet på vaksinerte varierer mellom 6,5 og 7 prosent av innbyggjarane i fem av kommunane, medan Fyresdal heng litt etter dei andre. Kring to prosent er fullvaksinerte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det går nesten saktare no enn for ein månad sidan. Men me får 100 nye doser frå AstraZeneca neste veke. Dei skal gå til helsepersonell, og me kan setja dei i løpet av eit par veker, seier kommuneoverlegen i Seljord, Kine Jordbakke.
Hild Riseth Fjone, leiar for helseavdelinga i Nissedal kommune, seier det går fortare no enn i byrjinga:
– Første veke fekk me berre eitt glas (6 dosar). Seks glas er det meste me har fått på ei veke, og neste veke får me truleg fem. Me har kapasitet til å setja mange fleire dosar enn me gjer no. Denne veka har me berre sett andredose, i lag med mange andre kommunar.
– Kva risikogrupper held de på med?
– Me jobbar med dei i alderen 75-84 som er heimebuande. Dei som bur i omsorgsbustader, er alt ferdig vaksinerte.
Fjone fortel at dei hittil berre har fått Pfizer-vaksinar, sidan AstraZeneca har gått til større kommunar. Men det er no i endring:
– No har statsforvaltaren sagt at me truleg får AstraZeneca-vaksinar innan utgangen av mars, og det skal gå til helsepersonell. Til no har me nytta berre 20 prosent av dosane til helsepersonell.
Folkehelsinstituttet melder at Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje etter planen skal få dei første glasa med AstraZeneca i veke 9 (1.–7. mars), medan Nissedal og Fyresdal må vente litt lenger.