Telemarksforsking skal sjå på konsekvensane av buplikt

Publisert

Nissedal formannskap godkjenner tilbodet frå Telemarksforsking i Bø om å greie ut konsekvensar rundt konsesjonsgrense null. Rådmannen får fullmakt til å inngå ei avtale med Telemarksforsking til ein pris på 97 500 kroner utan moms.

I fjor vedtok formannskapet fylgjande: «Formannskapet ynskjer føreseielegheit og likebehandling for innbyggjarane våre – uavhengig av bustadadresse. Det blir derfor bestilt ei ekstern konsekvensutgreiing der målsetjinga er å belyse om konsesjonsgrense null er eit positivt eller negativt verkemiddel for busetjing i kommunen. Det er ynskjeleg at samanliknbare innanlandskommunar med høgt antal fritidsbustader i forhold til heilårsbustader blir bruka som referansar. Når utgreiinga er ferdig blir det invitert til ei brei høyring. Formannskap ynskjer ein grundig og involverande prosess, der kvar enkelt innbyggjar har mogleik til å bli høyrt i forkant av eventuelle vedtak knytt til konsesjonsgrense null.

Formannskapet ber rådmannen utarbeide forslag til oppdragsomtale og kva for eksterne kunnskapsmiljø som kan nyttast i dette arbeidet, og legge dette fram til godkjenning i formannskapet. 100 000 kroner til ekstern bistand vert tilrådd løyva i 2. tertial.»

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS