Velkomen: Alle som vil sjå hotellet ute og inne er velkomne, også bygdefolk sjølvsagt, seier Dalen-jenta Sølvi Særen.

Turiststraum til Hotell Dalen

Ein god del har vore innom, og no kjem nok det store rushet – når fellesferien set inn, trur Sølvi Særen som koplar av frå studier med sommarjobb som omvisar på ærverdige Hotell Dalen.

Kvar dag mellom 11 og 17 er ho på plass for å syne fram hotellet ute og inne. Førebels har det vore flest nordmenn, men også utlendingar stikk innom.

– Svært mange spør korleis det var den gongen Aage Samuelsen hadde hotellet. Folk vil gjeme vite kva han gjorde og kva han ynskte å gjera, fortel Sølvi. Når eg fortel at hotellet skal restaurerast og opnast att for drift, får eg berre positiv respons, seier ho. Særleg når ho losar dei gjennom hallen og inn i spisesalen. I hallen finn ein landets største glasmåleri, og den flotte spisesalen er framleis intakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det gjester utanom det vanlege som har vore her?

– Ein «skokk» NRK-kjendisar var innom ein dag. Eg kjende att nokre frå Antenne Ti-redaksjonen. Men kan hende var dei berre på ferietur. Seier Sølvi Særen og legg til at alle som vil sjå innafor dørene, har frist på seg til 18.august. Då stenger dørene for i år. Men neste år skal restaureringsarbeidet til Kanaljubileet fullførast, og då skal praktbygget stå fram i tilnærma opprinneleg stand.