Vest-Telemark museum har likviditetsproblem
VTM har gjennomført mange prosjekt etter at nybygget stod klart i 2012. Det har ført til ein pressa økonomi. No bed dei Tokke kommune garantere for eit kortsiktig lån.
Museet kontakta kommunen for halvanna veke sidan. Då med beskjeden om at museet kjem i ei akutt likviditetskrise i byrjinga av neste månad.
– Det skuldast i all hovudsak rekneskapstekniske årsakar i samband med bygginga av miniatyrkanalen som blei opna i sommar, forklarte Tokke-ordførar Jarand Felland (Sp) i siste formannskapsmøte.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nedbemanningar
Han informerte elles om at det var innstrammingar i personalet.
– Nokre har fått reduserte stillingar. Museet har behov for å låne 1,5 millionar kroner over to år. Dersom me kan garantere for lånet, får dei svært gode lånevilkår gjennom Kommunal Landspensjonskasse (KLP), sa Felland.
Saka stod ikkje på sakskartet i formannskapsmøtet, men blei munnleg fremja sidan ho var å rekne som ei hastesak.
– Det er to ting som er særs viktig i slike saker. Eg ynskjer meir sakutgreiing om vår involvering i museet per i dag. Og me i Senterpartiet føler for å føre saka i kommunestyret. Det er eit prinsipp at slike hastesaker i formannskapet ikkje er av det gode. Me må vere litt stride og ha respekt for kommunal forvalting, sa Thor Arne Heggtveit (Sp).
Blir avgjort i desember
Han peika på at kommunen sjeldan går inn som garantist. Heggtveit ynskte derfor at saka kjem opp att i neste formannskapsmøte 2. desember, og så i kommunestyret 8. desember.
– Eg er samd med Heggtveit. Eg føler det litt ubehageleg å ta stilling i denne saka no, sa Hilde Alice Vågslid (Ap). Tokke kommune gjev i dag 700 000 kroner i årleg tilskot til museet. Stemninga blant formannskapsmedlemene var positiv til at kommunen stiller garanti for at VTM skal kome seg gjennom ei kortsiktig likviditetskrise.
Tæra på eigenkapitalen
– For å seie det enkelt så har me hatt eit særs høgt aktivitetsnivå sidan 2012. Det har tæra hardt på eigenkapitalen, fortel museumsdirektør Dag Rorgemoen. Han håpa å kome seg gjennom 2015 utan å redusere aktiviteten i særleg grad, men sjølv om nokre tilsette har fått reduserte stillingar gjev ikkje det utslag før neste år.
– Dermed har me behov for å gjere noko med likviditeten vår no, seier Rorgemoen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kor dramatisk er situasjonen?
– Eg vil seie det er ein uheldig situasjon. Samstundes har det vore viktig for oss å satse slik me har gjort. Det er på eit vis slik at vegen blir til medan me går, avsluttar han.