Signe Løyte og Bjørg Skåli har planar om å gje Fellefolket ein sjanse til å handle i heimbygda i staden for å reise tre mil avgarde, slik dei må no.
– Me har arbeidslyst i byttevis! seier Bjørg Skåli, og det kan dei visst trenge, for det er ikkje lite arbeid bak butikk-prosjektet. No står det berre att å få svar på søknad om DU-støtte. Om svaret blir positivt, vil bygginga av butikken ta til med det same snoen gjeng til våren. Dei har alt fått lovnad om 10 000 kr i stipend frå DU. Felle er ei grend som veks frå år til år, så behovet for butikk skulle vera til stades. Dessutan har gjennomgangstrafikken auka på, og det vil bli meir attraktivt å busette seg på Felle når butikken kjem opp.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP