Vil ta imot inntil 12 flyktningar neste år

Publisert Sist oppdatert

Kommunestyret i Seljord vedtok i sommar at kommunen fram til 2023 kan ta imot ti flyktningar i året. No bed rådmannen om at talet blir justert opp til 12 i 2020. Det er i tråd med ynske frå integrerings- og mangfaldsdirektoratetet (IMDI). I framlegget til vedtak som kommunestyret behandlar torsdag blir det ikkje lagt opp til familiesameinte.

Sidan 2001 har Seljord kommune tatt imot 196 flyktningar. 93 av desse (47,4 prosent) bur framleis i kommunen. 103 har flytta ut.

– At busetting av flyktningar har vore positivt for folke- og elevtalet i Seljord er det liten tvil om. Det er likevel slik at mange flyttar til ny kommune etter avslutta introduksjonsprogram. Dette er naturleg grunna behov for utdanning og tilgangen til arbeidsplassar, skreiv rådmannen til politikarane i juni.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS