Ørkenbil: Olav Kvipt overtek drifta av Kvipt gjestegard og skal stelle opp sin eigen Ford F 100 1955-modell. Bilen hadde stått 40 år i California-ørkenen, før han blei frakta til Fyresdal. Med kun-dekøen til spesialverkstaden på Kvipt spørs det når Olav får tid til å restaurere ferdig sin bil …

«Heile livet har eg vore gira på å stelle opp gamle bilar»

Olav Kvipt (23) skal overta drifta av Kvipt gjestegard inst i Birtedalen, og vil om vinteren restaurere gamle bilar. Det skjer ved å bruke reint stål og tinn, ikkje glasfiber og sparkel.

Publisert Sist oppdatert

– Eg er klar for å bu oppi her, det blir moro. Eg gler meg så jækeleg!

Orda kjem frå ein smilande Olav Kvipt når me møter han på Kvipt gjestegard og byrjar å snakke om den 100 kvadratmeter store spesialverkstaden han gjer klar innvendig.

Foreldra Janne Fjellheim Sætre og Åsmund Fjellheim Kvipt har i ein god del sommarhalvår drive turistmagneten i gardstunet på den rundt 14 000 dekar store eigedomen. Akkurat i desse tider flyttar dei nokre hundre meter unna Kvipt til Fjellheim og huset som Olav sin oldefar Aslak Fjellheim bygde i 1911.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS