At det kan kjennast uverdig å bli utsett for vald kan medverke til at ein held valden hemmeleg. For kva skjer viss eg seier det til nokon? Det viktigaste er å våge å ta steget ut av det hemmelege rommet, poengterer Tone Irgens Veum, dagleg leiar ved Vest-Telemark familiekontor.
At det kan kjennast uverdig å bli utsett for vald kan medverke til at ein held valden hemmeleg. For kva skjer viss eg seier det til nokon? Det viktigaste er å våge å ta steget ut av det hemmelege rommet, poengterer Tone Irgens Veum, dagleg leiar ved Vest-Telemark familiekontor.

– Bra det blir sett fokus på vald

Vest-Telemark familiekontor registrerte vald som tema hjå 30 prosent av klientane sine i samband med Justisdepartementets valdsmåling i haust. – Det er bra det blir sett fokus på familievald, seier Tone Irgens Veum.

Irgens Veum er dagleg leiar ved Vest-Telemark familiekontor. Valdsmålinga blei gjort innanfor ei veke, og gjekk ut på å registrere hjelpeapparatets kontakt med familiar, par og enkeltpersonar som blir utsette for vald i nære relasjonar, som familie. Dei fleste familievernkontora i landet var med i registreringa, saman med politi, krisesenter, legevakter og barnevern.

– Me registrerte at vald var tema hjå 30 prosent av dei me snakka med på kontoret den veka registreringa føregjekk, opplyser Tone Irgens Veum. Ho synest det er bra at det blir sett fokus på familievald frå øvste hald, slik Justisdepartementet har gjort i denne undersøkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinner og barn

Undersøkinga viser at familiekontora møter mange som fortel om vald eller truslar om vald i familien. Det er flest kvinner som seier frå at dei opplever vald eller truslar.

– Me veit det er mange barn i desse familiane, som på ulike måtar blir rørt av det som skjer. Og me veit at barn, sjølv om dei ikkje sjølve blir direkte utsette for vald, lir ved å vera vitne til at mor blir slegen eller trakassert, seier Irgens Veum.

– Sjølv om tala er høge, er me redde for at det likevel bare er toppen av isfjellet me ser. Og barn er tause vitne til det andre vaksne ikkje ser, legg ho til.

Føle seg trygg

Justisministeren og barneministeren føreslår vern og tiltak mot vald.

– Det er flott. For nokon vil det vera det viktigaste å få vern, og dermed føle seg tygg. Men innsatsen må bli sett inn på mange hald, seier Irgens Veum. Ho fortel at saker som handlar om fysisk og psykisk vald er ulike. Det kan dreie seg om så mykje, frå eingongsepisodar til systematisk mishandling over lang tid, frå truslar og psykisk vald som andre ikkje kan sjå, til tydelege ytre skadar.

Uverdig

Justisministeren har uttala at det er uverdig å leva med vald og overgrep.

– At det kan kjennast uverdig kan gjera det endå vanskelegare å snakke om vald. Det kan medverke til at ein held valden hemmeleg. For kva skjer viss eg seier det til nokon?

Slik omtalar Irgens Veum dilemmaet dei som er utsette for vald kan vera i. Ho slår fast at det er viktig at vald ikkje får høve til å halde fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Derfor er det om å gjera at dei som blir utsette for vald vågar å snakke med nokon om det. Og at vaksne ser kva ansvar dei har overfor barn som lever i familiar der det er vald, påpeikar ho.

Starte prosessen

Familiekontorets oppgåve er å hjelpe folk til å koma i gang med prosessen for å stoppe vald, presenterer Irgens Veum.

– Korleis det i praksis skal gå føre seg må me drøfte med kvar enkelt, seier ho. Og fortel at det er mange måtar å hjelpe både den som blir utsett for vald og den som øver vald.

– Det er ei utfordring for heile hjelpeapparatet å gjera det trygt å seia frå om vald i familien, og gje hjelp til å gå gjennom prosessen med å få slutt på det, vedgår Tone Irgens Veum.

– Men det viktigaste er å koma i gang, våge å ta steget ut av det hemmelege rommet, og prøve å koma ut av den vonde sirkelen, oppmodar ho.

Vest-Telemark familiekontor

– Starta hausten 1994 som eit spleiselag mellom kommunane i Vest-Telemark, fylkeskommunen og staten

– Dekkjer kommunane i Vest-Telemark, Tinn, Notodden, Bø og Hjartdal

– Kontorstad i Kviteseid, Notodden og Rjukan

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eiga stifting. Fylkeskommunen har det økonomiske ansvaret

– Frå 1. januar 2004 blir familiekontoret statens ansvar

– Fire stillingar, tri terapeutar og ein sekretær

– Om lag 350 klientar i året