Bjørn Skinnarland hevda at grunneigarane i strid med både Grunnlov og straffelov, vert sette på sidelina i arbeidet med fylkesdelplan for Hardangervidda.
Bjørn Skinnarland hevda at grunneigarane i strid med både Grunnlov og straffelov, vert sette på sidelina i arbeidet med fylkesdelplan for Hardangervidda.

– Bruk ikkje villreinen som påskot

– Ein må ikkje bruke villreinen som påskot når målsettinga er å overkøyre småbrukarane kring Hardangervidda, hevda Bjørn Skinnarland på informasjonsmøtet på Edland om fylkesdelplan for Vidda og arbeidet i Vinje kommune.

Ordførar Arne Vinje sa at kommunen er interessert i ein god og konstruktiv debatt om fylkesdelplanen for Hardangervidda. Ein ynskjer ikkje konflikt med grunneigarane. Det er Miljøverndepartementet som har bede dei tri fylka og ni kommunane rundt Hardangervidda om å utarbeide ein plan for villreinområde utanfor nasjonalparken. Målsettinga er å skape rom for næringsutvikling i desse områda samstundes som ein tek omsyn til villreinens leveområde.

Fylkesutvala i Telemark, Buskerud og Hordaland har fatta likelydande vedtak om det vidare planarbeidet. Fylkesvaraordførar Lars Bjaadal er leiar for styringsgruppa som skal drive arbeidet fram. No er det dei ni kommunane rundt Vidda som skal kome med framlegg til forvalting i sine område.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Arne Vinje poengterte på møtet i Edland at ein er i ein prosess der det ikkje er konkludert. Han sa seg samd med Bjørn Skinnarland i at masseturisme og ta vare på villreinen ikkje går i hop.

Ikkje masseturisme

– Det er heller ikkje masseturisme det er snakk om. Innovativ fjellturisme er ikkje utvikling av masseturisme, men å utvikle desse område kring Vidda til sommarturisme som skal vere i pakt med naturens føresetnader. Ut frå kunnskapen om villreinens leveområde ser eg for meg ei differensiert forvalting, sa Vinje-ordføraren.

Departementet har bestemt at plan- og bygningslova skal vere retningsgjevande for planarbeidet, og presisert at dette ikkje skal vere ein verneplan. Gjennom heilskapleg planlegging er målsettinga å utvikle ein fjellregionpolitikk som sameiner villreinforvaltinga og lokalsamfunnas trong for næringsutvikling.

– Eg går inn i dette arbeidet med det klare målet at kommunane rundt Vidda skal hauste føremonar av denne planen. Dersom bygdene kan verte samde, vil me også stå mykje sterkare i debatten med dei sentrale styresmaktene, meinte Arne Vinje.

Fryktar strid og sirkus

Bjørn Skinnarland hevda at grunneigarane ikkje er spurt i denne planprosessen. Ein slik førespurnad meinte han ville vore veldig lurt for å unngå at planarbeidet utviklar seg til strid og sirkus.

– Det som no skjer strir både mot Grunnlova og straffelova som gjev forbod mot å trengje seg inn på annanmanns eigedom. No vil me få nye reglar som fråtek grunneigarane retten til forvalting av eigen eigedom, og villreinen vert nytta som påskot, sa Skinnarland.

Harald Kvålen fylgde opp og meinte at departementet no vil ha ein politikk som tek frå grunneigarane og gjev areala til internasjonal turisme. Dette hevda Kvålen ikkje er ein rettsstat verdig.

Margit Apeland nytta høvet til å kritisere at det ikkje er ein einaste grunneigar med i arbeidet med fylkesdelplanen. Det sit berre politikarar og nokre få byråkrater i styringsgruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Halvor Midtveit meinte at planarbeidet har avdekt den store mistrua som råder mellom styresmaktene og grunneigarane. Heller ikkje striden som har oppstått mellom lokalbefolkninga i denne saka, sette Midtveit pris på.

Løypenett og turisthytter

Turistforeiningas mange løyper på Hardangervidda vart nemnt i ordskiftet som eit trugsmål mot villreinen. Jon Ingebretsen vedgjekk at løypenettet er så tett at det liknar eit fiskegarnnett. Utan å ha med seg eit offisielt mandat frå Turistforeininga, meinte Ingebretsen at ein bør vurdere å sanere nokre av løypene og talet på turisthytter.

Einar Apeland var av dei som meinte at turistløyper som øydelegg for villreinen må det gjerast noko med.

Medan Arne Vinje tok til orde for at kunnskapen om villreinens leveområde må vere faktabasert med basis i forsking, var mange av møtedeltakarane av ei anna oppfatning etter å ha høyrt Anders Mossing orientere om det arbeidet Norsk Villreinsenter på Skinnarbu har gjort for å kartleggje villreinens arealbruk på vidda. Ein viktig sak har vore å definere yttergrensene for villreinens biologiske leveområde.

Mossing fekk vite at grunneigarane i Vinje ikkje har tillit til kartgrunnlaget som vart presentert.

– Framfor å snakke om estimert tregrense kring Bitdalen, ville det vore mykje betre om Mossing heller hadde spurt folk som har greie på kva område villreinen nyttar, meinte Johan Vaa.

Velkjende meiningar

Leiar av styringsgruppa for fylkesdelplanen kring Hardangervidda, fylkesvaraordførar Lars Bjaadal, seier i en kommentar til VTB etter møtet i Edland at han var tilstades for å lytte på dei ulike syna som kom fram.

– Mesteparten av synspunkta kjende eg godt frå før. Me bygdefolk kjenner ofte skepsis mot storsamfunnets planlegging. I dette arbeidet som me har framføre oss, er målsettinga å få til så gode planar at villreinen kan leve side om side med ei varsam næringsutvikling kring Vidda. No har me sjansen til å ha styringa over arealbruken sjølve, og den sjansen skal me gripe, seier Bjaadal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er meininga at fylkestinga i Telemark, Buskerud og Hordaland skal handsame fylkesdelplanen for Hardangervidda innan utgangen av 2010.