Ein lang og tøff prosess
Grunneigar Sverre Berge i Nissedal fortel at det har vore ein lang og tøff prosess rundt utviklinga av Kyrkjebygdheia. I staden for rettssak mot Kyrkjebygdheia AS, vil Berge heller ha dialog med selskapet som planlegg utbygging ved Skornetten.
Den fyrste hytta på Kyrkjebygdheia sette Sverre Berge opp i 1968 på eigedomen han har på Langmyr. Etter kvart kom det 12 hytter på dette feltet. Som grunneigar på Hellebrotet sa han i 2000 ja til at firmaet Brødrene Grimstvedt kjøpte 12 råtomter for å opparbeide og selje dei. To år seinare fekk selskapet høve til å gjere det same på 41 hyttetomter på Sylvtjønn-feltet til Berge.
Brødrene Grimstvedt tok seg godt betalt og tente gode pengar. Men eg kunne ikkje utføre det arbeidet som selskapet gjorde, seier Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grunnen til at Berge ynskte å ha hyttetomter på områda sine var at han hadde kjøpt to eigedomar som tillegg til garden. Han syntest det var naturleg å få noko att for kjøpet.
Ikkje noko sal
Ved førre rullering av kommunedelplanen for Kyrkjebygdheia, føreslo Brødrene Grimstvedt at mor til brørne og Berge skulle prøve å få godkjent hyttefelt på eigedomane dei har ved Stemtjønn.
Eg hadde rekna med 15 tomter på feltet mitt, men det viste seg å bli plass til 70. Totalt er det 126 tomter på Stemtjønn, fortel Berge.
Forslaget om hyttefeltet kom inn etter at fristen for å spele inn nye felt hadde gått ut. Men politikarane blei freista av eit nytt tilbod som låg ved innspelet.
Kommunen let seg lure. For å få med Stemtjønn, føreslo Brødrene Grimstvedt også å lage eit skileikanlegg. Eg hadde ikkje så lyst til å bruke eit plantefeltområde til eit slikt anlegg. Men eg følte eg var nøydd til å seie ja, elles hadde eg stoppa heile greia og det ville eg ikkje. Det var på grunn av skileikanlegget at Stemtjønn gjekk gjennom hos politikarane etter at fristen var ute, seier Berge.
Ei tid etter at feltet blei godkjent, spurde Berge Brødrene Grimstvedt om det ikkje snart skulle skje noko utbygging på området hans i Stemtjønn-feltet.
Ingen av tomtene på eigedomen min blei selt, men bare på området til eigedomen til mor til Brødrene Grimstvedt. Me fekk 20.000 kroner av Brødrene Grimstvedt for skileikanleggområdet, men det kom aldri eitt øre for hyttetomter som ikkje vart selt, fortel ein skuffa Berge.
4,5 millionar på timen
Han slår fast at prosessen på Kyrkjebygdheia var lang og tøff. Fyrst då selskapet Brødrene Grimstvedt blei selt byrja det å skje noko. Kjøparen og eigaren av det nye utbyggingsselskapet Kyrkjebygdheia AS, Jan Sigurd Otterlei, baud fire millionar kroner for tomtene Berge hadde på Stemtjønn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me hadde tenkt fem millionar kroner, og møttes på midten. Me fekk 4,5 millionar kroner på timen av Otterlei. Det var ei lette og me følte me hadde med ærlege folk å gjere. Salet skjedde like før jol 2006. Då fekk me ei betre jol, seier Berge, medan kona Anne nikkar samd.
Ein annan positiv ting på møtet med Otterlei var at Berge frå 2007 og fem år framover skulle få 50.000 kroner årleg for det opphavleg tenkte skileikområdet. Pengane for dei to fyrste åra har kome inn, og Berge reknar med at resten kjem også. Om det ikkje blir bygd skileikanlegg desse fem åra, skal Kyrkjebygdheia AS kjøpe øvste området av Berge for 1,2 millionar kroner.
Blir ikkje anlegget noko av kan eg ha hyttetomter i området, og det er gullgruve, seier Berge.
Forretningsmann
Oppgjeret for hyttetomtene passa godt å få, for like etter fekk Berge tilbod om å kjøpe tilbake den fyrste hytta han bygde i 1968.
Det var ei stor glede å få tilbake hytta, slår Berge fast.
Han må leggje til at då han sette opp fyrste hytta på Kyrkjebygdheia, sa nokon folk i bygda at det var galskap. I dag er det rundt 500 hytter i området.
Etter salsmøtet med Otterlei fekk Berge høyre rykte på bygda om eit alpinanlegg og hyttelandsby ved Skornetten i eit meir snøsikkert område enn der skileikanlegget fyrst var tenkt. Berge var ein av ti grunneigarar som sa ja til utbygginga, medan det som kjent er tri andre grunneigarar som har sagt eit tydeleg nei.
Brødrene Grimstvedt selte firmaet inkludert planen om utbygginga ved Skornetten. Men Otterlei var lur, fordi han heldt att 17 av dei 33 millionane Brødrene Grimstvedt skulle ha for selskapet. Otterlei er forretningsmann og inga dumhovud, seier Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sa nei til rettssak
Dei ti grunneigarane som ynskjer utbygging ved Skornetten, danna for ei tid tilbake Skornetten Utbyggingslag. Berge var med på fyrste møtet sitt i laget i januar i år. Kyrkjebygdheia AS hadde på førehand varsla laget at det ikkje lenger var bindande avtale mellom partane. Grunnane var at det ikkje blei vedteke nokon bindande kommunedelplan i løpet av 2007, slik føresetnaden var for at avtala skulle tre i kraft. Vidare var ikkje avtala signert av alle dei 13 grunneigarane.
På januarmøtet blei det mellom anna diskutert om laget skulle gå til søksmål mot Kyrkjebygdheia AS. Møtefolket fekk teieplikt, ei avgjerd Berge ikkje forstod noko av. Det einaste han då kan seie frå møtet er at ein av grunneigarane leverte ei oppseiing av avtala han har med Kyrkjebygdheia AS om bruk av eit stort steinbrot på heia.
Før påske var Berge på nytt møte i utbyggingslaget. Der fekk Abraham Grimstvedt delta i ein del av møtet.
Grimstvedt ville overta heile Skornetten, og gå til rettssak for oss mot Kyrkjebygdheia AS, fordi han ville ha pengane som Otterlei endå ikkje hadde betalt. Me grunneigarane skulle bruke gardsforsikringane våre til rettssaka. Om me vann saka skulle me få 500.000 kroner av Grimstvedt på deling som gulrot. Men eg ville ikkje skrive under på ei slik løysing, fordi eg ikkje har noko imot Otterlei, fortel Berge.
Om me går til rettssak mot Otterlei, trur nokon då at han vil ha noko meir med oss å gjere? held Berge fram.
I staden føreslo han i møtet at utbyggingslaget kallar inn Otterlei og får til dialog. Dette blei samrøystes vedteke.
Om ikkje alle dei 13 grunneigarane blir samd med Kyrkjebygdheia AS, trur Berge det ikkje blir noko av utbygginga ved Skornetten.
Blir det for mykje bråk trekkjer eg meg ut frå heile Skornetten-planen. Alt som går føre seg no er eit spel. Eg likar det ikkje og det er ikkje fint. I slike tilfelle som dette er det ikkje moro å vere grunneigar, avsluttar Berge.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rekkjefølgjevilkår
Abraham Grimstvedt fortel til VTB at det var eit kommunalt vedtak om rekkjefylgjevilkår som gjorde at moras hyttetomter blei selt fyrst.
Politikarane bestemte at Sverre Berges hyttetomter fyrst skulle kome då skileikanlegget blei påstarta. Det vedtaket klaga aldri Berge på, seier Grimstvedt.
Elles vil Grimstvedt vurdere å kome tilbake ved eit seinare høve når det gjeld det som har skjedd på Kyrkjebygdheia.
7,2 millionar på forskot
30. juni 2007 skreiv ti grunneigarar i Skornetten Utbyggingslag og Kyrkjebygdheia AS under ei avtale om utbygging av minst 450 hyttetomter og utvikling av alpinanlegg ved Skornetten. Grunneigarane blei lova minst 60.000 kroner for kvar tomt, og 70.000 kroner per år i leigeinntekter for alpinanleggområdet.
Vidare står det i avtala at utbyggjar skal betale 3,6 millionar kroner når kommuneplanen er godkjent, og ytterlegare 3,6 millionar med forfall 1. juni 08 som eit forskot til seinare avrekning.
Kyrkjebygdheia AS meiner no at avtala ikkje gjeld, fordi føresetnaden der var at kommunedelplanen blei godkjent i 2007. Planen blei ikkje banka gjennom i kommunestyret før november 2008.