Eivind og Jens Ringhus hugsar godt dagane rundt 8. mai 1945.
Eivind og Jens Ringhus hugsar godt dagane rundt 8. mai 1945.

– Ein var aldri redd

Jens (89) og Eivind (86) Ringhus hugsar dagen for nøyaktig 65 år sidan som om det var i går.

8. mai 1945 blei Noreg atter eit fritt land, fem år etter at nazistane okkuperte landet. Den dagen sit framleis spikra i minnet til dei to gamle heimestyrkesoldatane Jens og Eivind.

– Eg har aldri sett noko så fint som då flagga vaia i vinden den dagen. Då hadde me ikkje sett heiste flagg på fem år, minnest Eivind.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1944 blei dei med då ei Åbø/Hylland-avdeling av heimestyrkane blei organisert. Sveinung Olsnes var lagførar, og dei andre medlemma var Aslak Versto, Einar og Johans Groven, Olav B. Hylland, Sverre Hylland, Ånond Kosi og Asbjørn og Gunnar Ringhus, brørne til Jens og Eivind.

Ofte måtte dei som var i heimestyrkane røme heimanfrå om nettene, då det kom melding på telefonen om at tyskarane var i anmarsj. Då sprang dei til skogs.

– Det er klart dei var engstelege for oss der heime, og særleg sidan det var best at dei visste minst mogleg, seier Jens.

– Var de mykje redde sjølve?

– Nei, kjem det kontant frå Jens.

– Ein fekk heller ein slags ro over seg når ein fekk våpen i hand og kunne gjere noko, supplerar Eivind.

– I 1940 blei eg teken til fange av tyskarane etter trefningane ved Leirlid bru. Dei hadde sett ein sivil mann i lusekufte springe frå staden, og som hemn skulle dei skyte ti sivile. Eg og ni andre blei stilt på rekke, med ein tyskar peikande med våpen på kvar av oss. Slik stod me i over ein time. Men ein blei ikkje redd, berre irritert og sinna fordi ein ikkje hadde høve til å gjere noko. Heldigvis forhandla presten Sandvik oss fri, fortel Jens, som var aktiv motstandsmann under heile krigen.

Trena for krig

Dei fleste såg ikkje for seg at Noreg kom til å bli fritt utan kamp. Difor førebudde karane i heimestyrkane seg på å kjempe. Våpentrening var ein viktig del av kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me bygde opp ein snøbarrikade i Jønnardalen, der me trena på å skyte. Det var umogleg å høyre skota fordi det me var så djupt inne i dalen, seier Jens.

Det var dramatiske tider, og ein angjevar sytte for at heimestyrkane i Tokke blei rulla opp og at medlemmene der blei tekne til fange. Nazistane fekk aldri tak i nokon frå heimestyrkane i Vinje, men Jens og Eivind har mange historier der det var nære på.

Det kom overraskande på då det plutseleg blei fred. Dei hadde lita tru på at nazistane skulle overgje seg utan kamp, men alle var klare til å ta den kampen. På kvelden 7. mai fekk mennene i laget melding om at freden var komen.

– Me var så klare til å kjempe for landet, og hadde trena og førebudd oss lenge. Difor blei det nesten rart då det plutseleg var slutt på krigen og den forventa kampen ikkje kom. Ein var sjølvsagt takksam for at alt var over, men ein fekk òg ein slags reaksjon på det, seier Jens ettertenksamt.

– Me reiste heim og la oss i tolvtida 7. mai, og morgonen etter møtte me nede i Åmot for å gå det dei kalla sluttorden opp til Haugsæl i Bøgrend, der Knut Haukelid tok oss i mot. Det var ingen folk langs vegane, men då me kom forbi Midtbø stod Halldis og Tarjei Vesaas ved vegen og heia på oss med flagg i hendane, smiler Jens.

Møtte Manus

Dei fyrste dagane etter freden gjekk med til å bere alt det tunge utstyret frå Haugsæl og ned att til Åmot, før dei blei stasjonerte i Åmot for å gå vakt i krysset i fall rømte nazistar kom forbi.

17. mai stilte dei på Haugsæl att, der heimestyrkane frå heile Vinje var samla. Men dei var ikkje dei einaste krigsheltane i huset den dagen.

– Max Manus og Lars L'Abbe Lund, seinare kriminalsjef i politiet, hadde snike seg vekk frå Oslo og tatt bilen til Vinje for å feire 17. mai. Dei syntest vel det var litt artig, og ville sjå korleis det stod til med vakthald og slikt, svarar Jens og Eivind på kvifor dei dukka opp på Haugsæl denne dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me gjekk så i samla tropp til Vinjar, der det skulle vere 17. maifest. Manus og L'Abbe Lund blei ikkje med dit, men enda opp på hotellet i Åmot. Bror min Asbjørn, Sverre Hylland og Knut Tveito var att der nede, og blei vitne til litt av ei oppvisning då Manus spratt inn i romet i full beredskap. Det gjekk visst fort, og han var vel temmeleg påsegla, humrar Jens.

– Denne andre var meir fåmælt, men Manus var litt av ein kviking, legg han til.

I siste liten

Ivar Haukelidsæter sat som krigsfange på Grini. Han meiner freden kom i grevens tid. Viss ikkje trur han at tortur hadde vore neste post for han.

– Det var i alle fall det eg blei fortalt av fangevaktarane, seier Ivar.

Han reiste ikkje heim til Dalen 8. mai, men blei att eit par dagar då han blei sett til vakthald i fangeleiren.

Vakthald

– Sidan eg hadde vore med i Milorg, blei eg spurt om å stå vakt i porten. Det gjorde eg før eg sette kursen mot Vest-Telemark og Dalen, hugsar han.

Haukelidsæter tog toget frå Oslo til Svenseid i Lunde der han overnatta hjå kjentfolk.

– Eg kjem så inderleg vel i hug maten eg fekk hjå Håstein i Svenseid. Det var det beste eg nokosinne har kjent. Nybaka brød som smaka aldeles fantastisk. Nei, dei måltida gløymer eg aldri, fortel Ivar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Sveinseid tok han bussen til Strengen og gjekk ombord på båten som frakta han vidare til Dalen.

Fangetransport

– Då eg kom til Dalen bar det rett til Bandak Hotell for å stå vakt og passe på nazistane som blei tekne til fangar der. Eg var 19 år den gongen og når eg ser attende på oppgåva med å passe på hardbarka nazistar, så var me vel noko dristige, tenkjer Ivar.

Han fekk i oppgåve å passe på ein kar som hadde leigd seg ein gard i Omdal, og han skulle også fylgje denne fangen til Oslo.

– Tenkje seg til ein 19-åring utstyrt med maskinpistol på tur til Oslo og Victoria terrasse med ein krigsfange, gruar Ivar seg.

– Frigjeringa redda meg, avsluttar Ivar Haukelidsæter bestemt.