Eit storvegs arbeid
Arbeidet Thor Wraa har gjort med å kartleggje stadnamn i Kviteseid er unikt.
Det uttalar Bottolv Helleland, leiar av seksjon for namnegransking ved Universitetet i Oslo.
I ein tiårsperiode frå kring 1970 til 1980 registrerte Thor Wraa svært mange stadnamn i Kviteseid. Wraa nytta flyfoto og laga nøyaktig oversikt over kvar i terrenget dei ulike stadene låg. Såleis registrerte Wraa eit utal stadnamn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Thor har gjort eit eineståande arbeid. Registreringane er svært nøyaktige og profesjonelt utførde. Meir enn nokon annan har Tor bidrege med verdifulle opplysingar til Kviteseids lokalhistorie. Samfunnet skuldar deg fleire årsløner, sa Bottolv Helleland til Thor Wraa torsdag.
Saman med Torleif Omtveit, Emanuel Riis og Arne Bjørnson i Kviteseid Historielag, tok Helleland turen til Wraa for å takke han for arbeidet.
Nøyaktigheita i kartlegginga er unik. Eg har ikkje vore borti meir presise registreringar her til lands, kytte namnegranskaren.
Namna forsvann
Thor Wraa registrerte stadnamn fordi han hadde interesse av det.
Eg la merke til at mange stadnamn var på veg ut av daglegtala. Det syntest eg var trasig og sette i gang med arbeidet. Eg sykla rundt i Kviteseid, rødde med folk og samla inn opplysingar om ulike stadnamn, forklarar Thor.
Leiar i historielaget, Torleif Omtveit, er svært takksam for Thors registreringsarbeid.
Thor har gjort ein uvanleg stor innsats. Hadde det ikkje vore for han, ville truleg mange stadnamn gjenge i gløymeboka, påpeikar Omtveit.
Stadnamna er skrivne på normert nynorsk i tillegg til dialektform. Wraa har også forklart kva fleire av stadnamna tyder og kva som er opphavet til namnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nå er det vår oppgåve å forvalte dette materialet. Det ynskjer me å gjere på ein god måte, uttalar Omtveit.
Stor interesse i Vest-Telemark
Bottolv Helleland opplever at folk i Vest-Telemark er svært opptekne av stadnamn.
I tidlegare tider nytta ein stadnamn mykje meir aktivt enn i dag. Ein nytta stadnamn fordi ein trong dei i det daglege virket. Ein hadde namn på ulike stader i skogen, på garden og på staulen. Slik er det ikkje i dag. Me treng ikkje stadnamn på same måten. Men det er tydeleg at folk i Vest-Telemark framleis har ein sterk lokal identitet. Stadnamn samanfattar svært mykje kulturhistorie, og det er vesttelane opptekne av, seier Helleland.