Foreldra er den viktigaste rollemodellen
Samarbeidet om førebygging av kriminalitet og rus (SLT) i Vinje kommune fungerar svært godt, melder koordinator Silje Hagen og lensmannsbetjent Marianne Wienenga. Haldningsskapande arbeid startar alt i barnehagen.
Målgruppa til SLT er born og unge i alderen 0 til 18 år. Hagen og Wienenga er einige om at det er foreldra som står i fokus når dei startar opp med informasjonsmøte alt når borna er små.
Foreldra er den viktigaste rollemodellen til born og unge. Det er viktig å vere bevisst på dette sjølv når dei smeller døra i andletet ditt i tenåra. Du er framleis den næraste rollemodellen dei har, sjølv om det kanskje ikkje virkar slik, seier Wienenga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bevisstgjering
Foreldra i Vinje kommune vert inviterte til temabaserte foreldremøte med jamne mellomrom. Tema er mellom anna rusproblematikk og kriminalitet, men og andre viktige emne som sikring av born i bil blir tatt opp i samlingane. Målet er å bevisstgjere foreldra, slik at dette kan få ein positiv smitteeffekt på dei unge lovande.
Dei aller fleste foreldra er svært oppegåande og engasjerte i korleis borna har det. SLT har eit godt samarbeid med foreldre i kommunen, og det ynskjer me å byggje vidare på, seier Wienenga. Men både ho og Hagen er opptatt av at SLT ikkje skal frita foreldra frå ansvar for oppsedinga. Det hjelper ikkje med tiltak og fritidsaktivitetar åleine, det må ligge noko i botnen, og det må koma heimafrå, understrekar dei.
Viktig med samarbeid
Rektor ved Åmot skule, Anders Sandvik, sit i arbeidsutvalet som representant for rektorane i kommunen. Han seier han ser kor viktig det er med samarbeid, og at det er avgjerande å starte tidleg med haldningsskapande arbeid.
Sjølv om det me driv med ikkje alltid gjeng rett heim hjå alle, ser me at haldningar blir skapt, seier Sandvik.
Det er utarbeidd undervisningsopplegg for ulike klassetrinn som alle skulane i kommunen følgjer. Opplegga fungerer som forum for å ta opp tema som rus, trafikk, etikk og moral på dei unge sine premissar.
Det er òg utarbeidd ein rutineplan når det gjeld barnevern. Den har form av ein perm som er lett tilgjengeleg for lærarane. Permen fungerer som ei «kva gjer me når ... »-rettleiing som gjer det enklare for lærarar å vite når dei skal melde frå om ting og kva tiltak dei kan setje i verk. Sandvik melder om gode tilbakemeldingar frå dei tilsette når det gjeld dette tiltaket, og at dei set pris på den tryggleiken det gjev å ha gode retningsliner i vanskelege saker.
Ingen fasit
Dei fleste tiltaka SLT har sett i verk har altså hatt positive konsekvensar. Likevel er det ikkje mogleg å førebyggje alle negative handlingar.
Me har ikkje funne nokon fasitar når det gjeld førebyggjande arbeid blant born og unge. Hadde me gjort det, ville me vore arbeidsledige heile gjengen, smiler Marianne Wienenga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men me har stor tru på at det me gjer verkar, held ho fram.
Tiltaka retta mot foreldre har høg deltaking, og dei unge verkar som dei set pris på tilbodet dei får gjennom SLT-samarbeidet. Hagen og Wienenga er samstemte når dei seier at dei håpar på eit like godt samarbeid i framtida.