Gjer 2006 til eit festår for Vest-Telemark
Telemarkskua kjem til å bli eit samlande symbol for Vest-Telemark. Ho skal vere med på å skape identitet i regionen. Forskar Dag Jørund Lønning meiner at 2006 blir eit viktig år for å skape framtidstru i bygdene.
Forskingsleiaren ved Telemarksforsking i Bø har dei siste fem åra jobba med å leggje grunnlaget for å bruke dei lokale natur- og kulturressursane i Vest-Telemark til næringsutvikling. Han sit med ei kjensle av at den forskinga som er kome fram frå Bø-miljøet desse åra no sig innover folk.
Eg trur me har gjort ein god jobb. I byrjinga var det stor skepsis ute på bygdene til dei framlegga me kom med. Når me til dømes set søkjeljoset på landbrukspolitikken, er det ikkje merkeleg at det tek tid for folk å ta inn over seg ein ny kurs. Landbrukspolitikken har vore klientskapande og styrt frå sentrum. Dei fleste har ikkje visst kva dei skal gjere om den offentlege støtta blir mindre. Den einskilde har stått med ryggen mot veggen og gjort seg avhengig av alle dei ulike ordningane, som dei har verna om, seier Lønning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han hevdar det blir feil å stå i ein slik låst posisjon, og det var utgangspunktet for den forskinga Telemarksforsking har gjort dei seinare åra.
I den mangesidige bygdeforskinga Lønning har leia, har utvikling av ein ny strategi og ein ny måte å tenkje på vore sentral for å få til vokster og optimisme i bygdene i Vest-Telemark.
Ta eige ansvar
Forskingsleiaren meiner den einskilde person i bygder og kommunar i regionen er nøydde til å ta ansvar for si eiga framtid. Det finst store ressursar i Vest-Telemark som ein veit det er etterspurnad etter, og som med dei rette grepa kan få både einskildmenneske og regionen til å bløme.
Forskinga Telemarksforsking har gjort dei siste fem åra, blir lagt merke til både nasjonalt og i europeisk samanheng. Når det gjeld bygdeutvikling er det bygt opp ein eineståande kompetanse i Bø. Forskarane legg vekt på å vere aktive deltakarar i heile prosessen. Dei nøyer seg ikkje berre med å levere frå seg ein rapport, men har med stort hell satse på ein aktørmodell.
Det tyder at me aktivt vil vere skapande og kreative for å utvikle Vest-Telemark gjennom forskinga vår på bygdeutvikling, seier Dag Jørund Lønning.
Lokal satsing og nytenking
Han peiker på at lokal satsing og nytenking er turvande frametter. Men det krev nye måtar å tenkje på, slik at den einskilde sjølv er nytenkjande i alle situasjonar. Eit døme Lønning dreg fram er at ein heile tida snakkar om fråflytting frå kommunane i Vest-Telemark, men gløymer å sjå at det også er mogleg å få til noko positivt i at folk flyttar. Fyresdal er ein kommune som har evna å få til ei positiv utvikling grunna at menneske i dag flyttar meir enn nokosinne. Lønning hevdar at ein ikkje kan skulda på staten om ein ikkje får til ei positiv utvikling i ei bygd. Elles meiner han fråsegn som «å redde bygda» er eit håplaust omgrep.
Meieriet i Fyresdal og satsinga på Telemarkskyri som eit regionalt symbol hevda mange var ein vill idé?
Ja, meieriet i Fyresdal starta som ein vill idé for tri år sidan. Men me byrja nøste opp mange lause trådar, og no kjem meieridrifta basert på mjølk frå Telemarkskua i gang til sumaren. Morgedal er eit anna prosjekt me har arbeidd fram desse åra, og Sogelandet var også eit omgrep me meisla ut her ved Telemarksforsking, fortel forskingsleiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit sentralt siktemål for forskarane har vore og er å hjelpe dei lokale til å få opp augo for lokale ressursar og få i gang ein prosess.
Kua gjev identitet
Og det er her satsinga på Telemarkskua kjem som eit glitrande døme?
Telemarkskua markerar i år 150-års jubileum som eigen rase den eldste i Noreg. Denne kua er identitetsskapande for Vest-Telemark, og eit levande og samlande symbol for heile regionen. Etter at rasen blei halden i live av nokre få idealistar, er det no ei rad mjølkeprodusentar som kjem til å satse på Telemarkskua, fortel Lønning.
I år blir det stor 150-års markering for Telemarkskua i Kviteseid, og på Bjørge i Seljord blir det opna eit opplevingssenter for rasen, forutan at meieriet i Fyresdal som skal foredle mjølka frå Telemarkskua til smør og knaost kjem i sving. I tillegg er det etter kvart mjølkeprodusentar med Telemarkskyr i alle kommunane i regionen.
Bygda i endring
Dag Jørund Lønning konstaterar at me lever i ei urban tid. Då krevst det i fylgje forskingsleiaren at ein også skaper bygda på nytt og tilpassa den nye tida. Ein kan ikkje lenger halde fast på den gamle råvarebygda, men treng dei kreative og nytenkjande personane for å skape vokster. Tida krev at det heile tida blir tenkt nytt for å få til ei positiv bygdeutvikling.
Dei som kjem til å lukkast på bygda frametter er dei kreative og nyskapande, og som samstundes er viljuge til å endre seg, men framleis har det lokale i botn. For ressursane er det lokale, meiner Lønning.
Han minner om at alle kulturpåverknadene i media er skapt urbant, og er slett ikkje tilpassa det kulturelle landskapet i Vest-Telemark. Sjølv ser han det som ei viktig oppgåve å skape eit kulturelt uttrykk gjennom det lokale i regionen. Forskingsleiaren kom for nokre veker sidan heim frå ei studiereise til New Zealand. Der opplevde han eit land som er dyktig til å gå nye vegar og ta i bruk moderne teknikk utan å gløyme å vere lokale.
Dag Jørund Lønning legg i desse dagar siste hand på dr. philos-arbeidet sitt. Disputasen skjer på Universitet på Ås seinare i år. Avhandlinga dreiar seg om bygdeutvikling og er på mange måtar eit nybrottsarbeid i den akademiske verda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fridom til å skape
Blant den yngre garde blir dei mange småstadene i Vest-Telemark oppfatta som kjedelege. Men Lønning er glad for at stadig fleire innser at det er fridom til å skape i bygdene. Dei som sit i ro og ventar at andre skal skape framtida, hevdar han er dømde til å tape.
Ventar ein på at andre skal gjere noko har bygda tapt. Då vil utviklinga bli fleirtalsskapt og ho er urban, slår forskingsleiaren fast.
Forskarane legg no siste hand på framlegg til ein ny landbrukspolitikk. Arbeidet kjem i bokform seinare denne månaden. Å ta foredlinga attende, slik det no vil skje med meieriet i Fyresdal, kjem til å bli viktig både økonomisk og kulturelt. Lønning seier at meieriet i Fyresdal blir det fyrste i sitt slag i heile Europa, og soleis er ei utruleg nyvinning.