Magnus Krog
Magnus Krog

– Heilt konge!

Etter to nye sigrar i kontinentalcupen ser Magnus Krog fram til verdscuprenn i Lahti 11. og 12. mars.

23-åringen frå Høydalsmo har vist storform etter nyttår. Før helgas renn i kontinentalcupen (COC) hadde han 4., 3., 2. og 1. plass frå dei fire siste konkurransane. I slovenske Kranj var Krog best både laurdag og sundag.

– Knallbra. Heilt konge, er oppsummeringa frå hovudpersonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tri beste i kvar COC-periode skaffar nasjonen sin ein ekstra plass i verdscupen. Krog har vore best av alle i den fjerde perioden, og gler seg no til for fyrste gong å vere kvalifisert for eit verdscuprenn i utlandet. Tidlegare har han fått smake på nivået gjennom nasjonal kvote i Oslo og på Lillehammer.

Årets rykk

Spesielt i hoppbakken har Krog hatt stor framgang i vinter. Laurdag hoppa han 110 meter, ein meter over bakkestorleiken, i den fyrste prøveomgangen. Det var ei ny oppleving for 23-åringen å lande i overgangen til sletta.

– Eg fekk litt kjeft etterpå for ikkje å ha sett nedslag, smiler Krog.

– Det hoppet gjorde at det koka litt i hovudet til konkurransen. Eg var litt «shaky», men klarte likevel eit greitt hopp og fekk eit bra utgangspunkt før langrennet, held han fram.

Krog gjekk ut som nummer ti. Saman med lagkamerat Jørgen Graabak og austerrikaren Tomaz Druml gjekk han seg raskt opp til teten. Mot slutten var det berre Graabak og Druml som fylgde tempoet til Krog, men også desse måtte gje tapt i den siste bakken.

– Årets beste rykk, seier Krog med eit smil om løpets avgjerande fase.

Fjerde beste hopp

Også sundag gjorde han eit solid prøvehopp under tunge forhold. Når det blei alvor fylgde han opp med konkurransens fjerde beste hopp. Utgangspunktet var betre enn nokon gong for Krog før langrennet. Dei 32 sekundane han starta bak leiaren var ete opp i løpet av den fyrste kilometeren. Berre austerrikaren Tomaz Druml klarte fylgje nordmannen. Mot slutten gjekk dei å lura på kvarandre. Druml prøva å rykkje, men det var nok eingong Krog som kunne strekke armane i vêret ved målpassering.

Det endelege verdscuputtaket til Lathi er ikkje gjort, men Krog reknar med å få nytte den ekstra plassen han har skaffa Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt kjedeleg at det kolliderer med COC-renna på heimebane i Høydalsmo, men erfaringa i Finland vil vere gull verdt, meiner Krog.

– Kva trur du prestasjonane i helga hadde halde til i verdscupen?

– Det er vanskelig å seie. Målet mitt denne sesongen var å kome blant dei 20 beste i eit verdscuprenn. No får eg to moglegheiter i Lahti til å klare det, seier Krog.

I angrepsposisjon

Han er fornøgd med at han har klart å gå til hoppkonkurransane i angrepsposisjon. Tidlegare har han vore i forsvarsposisjon etter gode treningshopp.

– Då bommar eg lett. Eg er fornøgd med at eg har klart å snu fokuset og gledar meg til kvart hopp. Dette er den fyrste helga hoppinga har gått på autopilot. Eg håpar eg klarer å gjenskape det også når det er verdscup, seier Krog.

No blir det eit par rolige dagar hos kjærasten i Oslo før det blir trening i Trondheim.

– Eg kjenner kroppen er sliten etter mange konkurransar den siste tida, fortel Krog.

Håpet er å få ein konkurranse til før Lahti. Skiforbundet sender i utgangspunktet ikkje løparar til COC-renna i Kuopio helga før Lahti, men det kan bli ei endring på dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då må me betale sjølv, men tri veker utan konkurranse er litt for lenge, og ein kan lett bli defensiv, seier Krog.