Ikkje bortkasta kalking
Helge Kiland, sekretær i styringsgruppa for Arendalsvassdraget, meiner det var rett å kalke Nisser for å få ein god pH-verdi vidare nedover i vassdraget.
Nissedølen Jan Frode Pedersen uttala i torsdagsavisa mellom anna at kalking av Nisser på 90-talet var bortkasta pengar. Rett før kalkinga hadde vatnet ein pH-verdi på 5,4.
I utgangspunktet var det planlagt å bruke totalt 10 millionar kroner for å kalke Nisser to år på rad. Då fyrste kalkingsåret var gjennomført i 1996, viste vasskvaliteten at det ikkje var behov for meir kalking. Derfor kalka ein i staden Fyresvatn året etter for dei midlane som stod att.
Artikkelen held fram under annonsen.
Helge Kiland, sekretær i styringsgruppa for Arendalsvassdraget sidan 1995, er ikkje samd med Pedersen i at kalkinga av Nisser var unødvendig.
Storfisk også etter kalkinga
Nisser og andre vatn var inne i ei uheldig utvikling. Vatna var utsette for ei dobling av giftige former for aluminium, som tek livet av fisken. Forholda for fisken i Nisser var ikkje kritiske, men ein visste ikkje korleis utviklinga ville bli i vatnet. Kalkinga av Nisser og Fyresvatn har betydd lite for fisken der, men har bidratt til å stabilisere pH-verdien nedover heile Arendalsvassdraget. Det blei valt ein rett strategi for heile vassdraget, og gjennomføringa var effektiv og billig, meiner Helge Kiland.
Elles minner han om at nesten alle gytebekkar ved Nisser var forsura og der var uleveleg for fisken. Rekrutteringsforholda er annleis no, også grunna kalking av heivatn.
Pedersen meiner det etter kalkinga er meir sjeldan å få storfisk. Kiland hugsar tilbake til fyrste tida etter kalkinga då det kom mange rapportar om fangst av storaurar.
Etter kalkinga var vatnet godt i heile Nisser. Storfiskane tok i bruk heile vatnet, og gjekk høgare enn før. Eg veit ikkje kva som har skjedd i det seinare, og kvifor det visstnok ikkje blir fanga mange storaurar no. Men generelt er det totalt sett ikkje svært mange storfisk i store vatn, seier Kiland.
Stengje bekkane
Han og Pedersen er i alle fall garantert samde i ein ting, om at det er for mykje fisk i mange vatn. Kiland meiner det må fiskast meir i Nisser, og håpar det blir meir fart på næringsfisket, noko som vil betre forholda.
I nokre heivatn kan det vere ein tanke å kutte ut kalkinga. Då kan det vere mogleg å få pH-verdien såpass låg at det kjem tilbake fisk med bra storleik. Å fiske med småmaska garn i overbefolka vatn blir for arbeidsamt og ein går lei. Derfor er det betre å lage vandringshinder i bekkane slik at fisken ikkje får gyte. Slike løysingar blir gjennomført no i eit prosjekt om tynningsfiske i Fyresdal, fortel Kiland.
Ein hofisk kan produsere opptil 2.000 rogn årleg. Klekkeprosenten er veldig høg. Kiland fortel at 15 kvadratmeter med gytebekk er nok til å forsyne eit 1.000 dekar stort vatn med fisk. Derfor vil det å stengje gytebekkane vere viktig, avsluttar Kiland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Meiner lite fisking er problemet - ikkje kalkinga
Tore Larsson, fylkessekretær i Norges Jeger- og Fiskerforbund Telemark, fylgjer ikkje meininga til Jan Frode Pedersen om at kalk er blitt eit problem for å få gode fiskevatn. Fyrst og fremst minner Larsson om alle dei tidlegare fisketome vatna, om at kalkinga betrar vasskvaliteten og då lykkast fisken å gyte. Vidare påpeikar han at viktige næringsdyr forsvinn alt når pH-verdien er under seks. Ved akseptabel vasskvalitet er det produksjon av næringsdyr, noko som igjen gjev kvalitetsfisk.
Det å framstille kalk som eit problem for fisk er i beste fall kunnskapslaust, og i alle fall historielaust. Det er eit veldig sjansespel å balansere vasskvalitet ved å slutte å kalke. Årsaka til at fisken blir liten er ikkje kalkinga, men at det blir fiska for lite. Tungt fiske med småmaska garn er det beste verktøyet ein har for å rette på problemet. Blir det fiska hardt, løyser problemet med overbefolka vatn seg sjølv. Eg vedkjenner at me har ei utfordring i å handtere at vatna er tilbakeført til naturleg tilstand. Ein del vatn er ikkje skjøtta godt nok, der er det ein jobb å gjere. For å kultivere vatn tolast det svært stor fiskeaktivitet, seier Larsson.
Rekruttering gjev rekruttering
Fylkessekretæren fortel elles at det ikkje bare er negativt med fiskerike vatn. Ei slik ynglande rekruttering rekrutterer mellom anna unge fiskarar.
Overbefolka fiskevatn er kjempebra for å skape interesse for fiske mellom anna blant dei unge. Ved eit høve var 200 skuleelevar på tur og drog 1.000 fiskar ein føremiddag. Slikt er verdifullt for dei unge, påpeikar Larsson.
Til slutt minner han om at kalkinga av Nisser kom på grunn av den lakseførande delen av Arendalsvassdraget.
Det hadde aldri blitt bruka så mykje kalkepengar bare for Nisser si skuld, det hadde me aldri fått igjennom, seier Larsson.