Plansjef Sveinung Seljås avviser at Nissedal kommune tek mannen og ikkje ballen i hyttetomtsaka på Kyrkjebygdheia.
Plansjef Sveinung Seljås avviser at Nissedal kommune tek mannen og ikkje ballen i hyttetomtsaka på Kyrkjebygdheia.

– Ikkje personforfylging

To ulike planutval har vore på synfaringar og avvist tomta før Archer kom inn i bildet, seier plansjef Sveinung Seljås i Nissedal kommune.

VTB skreiv tysdag om Olav Archer som følte seg forskjellsbehandla av Nissedal kommune. Archer får ikkje godkjent ei hyttetomt på Kyrkjebygdheia grunna faren for silhuettverknader. Dette finn han merkeleg då han meiner det ligg fleire titals hytter i silhuett i same heiområdet.

Archer fekk tomta i jolegåve av grunneigarane Anne og Sverre Berge i 2006, men planutvalet sa like etter nei til å godkjenne tomta. Eit nytt politisk nei kom like før ferien i år. Den omtala hyttetomta blei fyrste gong avvist av planutvalet i 2001, slik VTB skreiv. I tillegg påpeikar plansjef Sveinung Seljås i Nissedal kommune at tomta også blei avvist i 2004.

Artikkelen held fram under annonsen.

– To ulike planutval har vore på synfaringar og avvist tomta før Archer kom inn i bildet. Derfor blir det heilt feil å påstå at me driv med personforfylging av han. Det hadde elles vore oppsiktsvekkjande om planutval nummer tri hadde snudd i saka etter ein søknad frå Archer, seier Seljås.

Han fortel vidare at planutvalet i 2001 prøvde å unngå nye feil då det kom endå ein utbyggingsplan for heia, og derfor blei tomta vraka. To år tidlegare hadde det nemleg blitt godkjent ein plan for Huvtjønnleiken, der det viste seg i ettertid å kome opp fleire silhuetthytter, erfarer plansjefen.

– Elles er det litt av ei jolegåve når Archer får ei tomt som er nekta to gonger før ..., avsluttar plansjefen.