Inga framtid å stå att aleine
Seljord lensmannskontor er for lite til å klare seg sjølv. Difor må det inkluderast i den nye organiseringa av polititenesta som kjem i Vest-Telemark. Elles er eg redd kontoret kan verte lagt under lensmannskontoret i Bø. Det er ikkje ynskjeleg, meiner lensmann Torodd Aase i Seljord.
Torodd Aase er driftsleiar for lensmannskontora i både Vest-Telemark og Midt-Telemark. Det var han som sette ned gruppa som har greidd ut samlokalisering av polititenesta i Vest-Telemark. Utvalet har gjort eit solid kartleggingsarbeid over politiressursane i regionen, faglege utfordringar og servicenivået for publikum.
Gruppa har gjort eit godt arbeid for å skaffe fram faktakunnskap til det vidare arbeidet med omorganiseringa av polititenesta. Dei har ikkje konkludert om den framtidige lokaliseringa av politiet i Vest-Telemark, men peikt på at lensmannskontora i Kviteseid, Tokke og Vinje kan vere ein høveleg eining. Lang avstand gjer at det er lite å tene på å trekkje lensmannskontoret i Fyresdal inn i diskusjonen, fortel Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
I fylgje Seljord-lensmannen syner gruppas arbeid at påstandar frå både politikarar og einskildpersonar om at mandatet var slik at gruppa i røynda var kjøpt og betalt på førehand, ikkje er rett.
Politiets indre liv
Det er også reist kritikk mot politimeisteren for at ho har ei samanslåing av driftseiningane i Vest-Telemark og Midt-Telemark som målsetting i den nye organiseringa av politiet i Telemark. Torodd Aase seier at inndelinga i driftseiningar handlar om politiets indre liv, og ikkje spelar noko rolle for publikums kontakt med politiet.
På meg verker det som ordførarar og rådmenn ikkje er klar over at systemet med driftseiningar ikkje har noko med kva polititeneste som kjem ut i andre enden. Driftseininga i Vest-Telemark er for liten og sårbar til at ho kan bestå. Til samanlikning kan eg nemne at Midt-Telemark har like mange innbyggjarar som Notodden. Eg vonar kommunane stolar på at me ser på ei betre organisering av politiet ut frå ynskje om ein best mogleg polititeneste for innbyggjarane i Vest-Telemark, poengterer Torodd Aase.
Håplaust aleine
Aase understrekar at det er heilt håplaust å la lensmannskontoret stå att aleine som eit lite kontor mellom to større einingar. I dag er det tilsett lensmann, tri betjentar og to kontortilsette i Seljord. Kontoret har fleire saker enn politiet i Kviteseid, Tokke og Vinje har til saman.
I alt er det 15 politistillingar i Kviteseid, Tokke, Seljord og Vinje. I dag er 12,2 prosent av stillingane bemanna. I tillegg kjem til saman fem kontorstillingar ved dei fire kontora.
Lensmann Aase nemner at det krevst åtte stillingar for å bemanne ein politistilling døgnet rundt heile året. Når det er eit krav om at det skal minst vere to politifolk på ei utrykking, er det hovudrekning å finne ut at politiets slagkraft i dag er avgrensa i Vest-Telemark.
Ny arbeidsgruppe
Ei ny arbeidsgruppe, under leiing av Kviteseid-lensmann Geir Kjartan Lid, skal no arbeide fram ei tilråding om framtidig organisering av politiet i Vest-Telemark. Politikarar og byråkrater skal vere med i gruppa, og det er sett frist til 20. februar med å kome med framlegg på deltakarar.
Dersom arbeidsgruppa ikkje kjem til eit anna resultat enn tilrådinga i den utgreiinga me fekk for eit par veker sidan, endar lensmannskontoret i Seljord under Midt-Telemark, og forsvinn til Bø. Eg trur ikkje det er ynskjeleg. Difor må Seljord på ein eller annan måte komme inn i planane for organiseringa av politiet i Vest-Telemark, meiner lensmann Torodd Aase.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rekruttering og service
Aase seier større lensmannskontor i regionen gjev større slagkraft og lettare rekruttering av politifolk som i dag er ei kjempeutfordring. I tillegg krev Politihøgskulen ein viss storleik på lensmannskontora for at dei skal ha studentar i praksis. Aase nemner at studentane er verdfull arbeidskraft etter at dei har fått lokal opplæring.
Lensmannskontora i Seljord og i Åmot har starta med langdag om torsdagen. Då kan publikum mellom anna få ordna med pass utan å skofte arbeid eller skule. Langdagen er eit steg for å betre politiets servicenivå.