Lovverket har gått ut på dato
Eg veit ikkje om noka lov som har mindre legitimitet enn lova om motorferdsle i utmark. Lova har inga forankring verken hjå yngre eller eldre, hevda ordførar i Tokke, Olav S. Urbø.
Tokkeordføraren var ikkje den einaste av dei kring femti deltakarane, nitti prosent mannlege, på dagskonferansen som peika på at mange ikkje har respekt for lovverket om motorferdsel i utmark.
Når lovene blir oppfatta som grovt urimelege, er dei vanskelege å handheve, sa ordførar i Vinje, Arne Vinje.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dagskonferansen blei skipa til av Fylkesmannen i Telemark, Telemark bondelag og Forum for natur og frilutftsliv i Telemark på Granvin i Seljord torsdag. Tema for konferansen var «Auka motorisert ferdsel i utmark korleis møte utfordringa?»
Mindre ulovleg køyring
Sidan 2001 har Vinje kommune hatt ei prøveordning med 170 kilometer med rekreasjonsløyper, som medlemane av skuterklubbane har monopol på å bruke. I fylgje ordføraren viste evalueringsrapporten at ordninga hadde totalt ført til litt meir køyring, men mindre ulovleg køyring.
Men både ordføraren og representanten frå Statens Naturoppsyn (SNO), Knut Nylend, peika på at det ikkje var slutt på ulovleg køyring.
Villmannskøyringa er ikkje borte, men har flytta seg til område der det ikkje er lovlege skuterløyper. Dessutan vil alle helst køyre frå utgangsdøra si, det har ført til eit stort tal ulovlege løyper, sa Nylend.
Han peika også på at ikkje alle grunneigarane er nøgde med prøveordninga, men at misnøya sjeldan kjem til kommunen, og at synspunkta difor ikkje kjem med i evalueringsprosessen. Representanten frå SNO nemnte også at det har vore fleire alvorlege skuterulykker i Vest-Telemark dei siste åra, og trudde også det var store mørketal når det gjeld ulykker.
Vanskeleg å kontrollere barmarkkøyring
Ei anna stor utfordring framover er barmarkkøyring med ATVar. På ein terrengmotorsykkel er det liten risiko for å bli oppdaga av myndigheitene.
Denne køyringa er vanskeleg å kontrollere. For skal me køyre ATV for å kontrollere ATV-køyring? spurde Nylend seg.
Bjørn Bjørnsen i Tinn kommune fortalde at det blir observert mange terrengkøyretøy, men at kommunen får inn få søknadar om løyve.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ikkje mange som søkjer om å bruke ATV til næring, men det er nok ein del hytteeigarar som køyrer til private hytter utan løyve, særleg i område der det er spreidde hytter, trudde han.
Bjørnsen fortalde at Tinn kommune er restriktiv med å gje løyve i terreng der det ikkje er traktorsleper, men poengterte at det kan vera vanskeleg å seie nei.
Om ein søkjar får avslag frå den administrative saksbehandlaren, blir avgjerda ofte anka, og som regel gjev politikarane seg. Eg trur ikkje kommunen greier å styre utviklinga åleine. I alle fall må det vera ei konsekvent forvaltning både frå kommunen, grunneigarane, friviljuge organisasjonar, politiet, SNO og andre statlege aktørar, meinte sakshandsamaren.
Brukar løypenettet som utgangspunkt for ulovleg køyring
Etter prøveprosjektet med snøskuterløyper i Finnmark, der målet var å få ned den ulovlege køyringa i utmark vinterstid, er det no vill vest. Løypene blir bruka som utgangspunkt for ulovleg køyring, fortel Dag Elvin, fylkesleiar i Naturvernforbundet i Finnmark.
Han har lita tru på at eit eksisterande løypenett, lik det i Vinje, ikkje vil bli utvida.
Mykje vil ha meir. Det går nok ikkje lenge før skuterbrukarane vil ha løyper som går andre stadar, trur representanten frå Naturvernforbundet.
Organisasjonen er også svært skeptisk til kommunane som myndigheit til å gje dispensasjonar frå lova om motorferdsle i utmark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunane har vanskeleg for å seie nei. Kven seier til dømes nei til ein søknad frå «nessekongen» i bygda? Nei, ryddig forvaltning skjer ikkje alltid i kommunane, uttalar Elgvin til VTB. Han meiner behandlinga av dispesasjonssaker i høve til motorferdselslova bør flyttast opp til Fylkesmannen, slik ordninga er i Sverige.
Skuterpolitikken bør styrast lokalt
Kommunane må sjølve kunne avgjera om dei vil opprette skuterløypenett. Men ein må gjerne bruke Statens naturoppsyn til å kvalitetssikre trasévala. Slik bør ordninga vera, meiner ein av tilhøyrarane på seminaret, Johan Angre frå Flatdal.
Han trur lovlege løypenett har mykje å seie for utviklinga av bygdene framover, særleg for å få ungdomen til å bli.
Kva gjer me for å leggje til rette for at dei som bur i bygdene skal trivast? I Flatdal skjer det mange positive ting. Me fekk tilbake bensinstasjonen, og me har stabla på beina eit bygdeutviklingslag som har gjort mykje for bygda. Her er alle i same båt, det handlar om at bygdene skal overleva på ein god måte, seier Angre.
Han opplever lovgjevinga om motorferdsel i utmark som djupt urimeleg, og seier han har liten respekt for den lova. Angre er ikkje i tvil om at det i staden er lokale myndigheiter som må avgjera, og ynskjer velkomen eit godkjent kommunalt løypenett. Han fortel at han kjenner til at Seljord kommune har utarbeidd eit framlegg til løypenett, men er skuffa over at den politiske leiinga i kommunen ikkje var til stades på seminaret.
Mange av innbyggjarane har skuter, og så er det ingen frå kommunen her som talar innbyggjarane si sak, det er litt flaut, meiner flatdølen.