Lege Kjell Lie meiner Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid og Fyresdal må stå på for å ha ein felles legevaktsentral i framtida.
Lege Kjell Lie meiner Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid og Fyresdal må stå på for å ha ein felles legevaktsentral i framtida.

– Må ha vaktsentral i regionen

Lege Kjell Lie har vore med på vaktberedskap i alle kommunane i Vest-Telemark. Han meiner Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal må stå samla om ein legevaktsentral i regionen.

Kjell Lie var kommunelege 1 i Tokke frå 1986-90. Vidare har han mellom anna vore lege i Fyresdal ei tid då kommunen hadde legevaktsamarbeid med Nissedal og Åmli. Lie har hatt med alle kommunane i Vest-Telemark å gjere i samband med vakter. I tillegg har han god kjennskap til Åmli, Valle og Bykle då han har gjennomført vaktkøyring også i desse kommunane.

– Eg har lært distriktet å kjenne, eit område med spesiell topografi der det er store høgdeskilnader og veldige avstandar. Når ein har køyrd så mange vakter som eg har gjort i Vest-Telemark, har eg hatt mange ulike opplevingar, fortel Lie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også luftambulanse

Han fylgjer med på kva som skjer rundt legevaktsentralen i Seljord, og har registrert at Nissedal trekkjer seg ut av samarbeidet frå nyttår for å knyte seg til Arendal. Lie meiner det er forferdeleg trist om Fyresdal vel å gå same vegen.

– Vest-Telemark har fleire stader enorm vekst i turistnæringa. Kommunar som får slike toppar av folk og som også treng legehjelp til tider, er forplikta til å syte for at dei får hjelp. Legevaktsamarbeidet i Vest-Telemark må ikkje rakne. Skal folk føle seg trygge og få hjelp raskt nok må det vere ein vaktsentral i regionen. Tokke, Vinje, Seljord, Kviteseid og Fyresdal må setje seg ned og finne gode løysingar der dei samlar seg om ein vaktsentral, meiner Lie.

Han meiner dei fem kommunane må setje av ein dag eller to der dei inviterer mellom anna legar og sjukepleiarar til felles seminar der dei alle jobbar for ei vaktløysing i regionen.

– Lokaliseringsdebatten om legevaktsentralen skal vere i Seljord eller Åmot er peanøtter i denne saka. I eit tett samarbeid med vaktsentralen bør regionen i tillegg få ein luftambulansebase, avsluttar Lie.

Bed om reforhandling av avtala

Måndag drøfta samarbeidsrådet for legevaktsamarbeid i Vest-Telemark situasjonen etter at Nissedal har trekt seg ut.

– Fyrst og fremst økonomisk har det skjedd ting med legevaktsamarbeidet som gjev grunnlag for å revurdere avtala, i staden for at kvar kommune melder seg ut. Hovudkonklusjonen til samarbeidsrådet er at det skal bli høve til å reforhandle dagens avtale, opplyser møtedeltakar og kommunalsjef Kari Gro Espeland i Seljord.

Forslaget om å opne for reforhandling blir sendt utvalet Vest-Telemarkrådet har sett ned for å sjå på legevaktsamarbeid i dei fem kommunane framover.

Elles såg samarbeidsrådet på alternative måtar til finansiering av vaktsamarbeidet. Det blei mellom anna sett på eit alternativ med ein forbruksmodell der kommunane betaler etter talet på pasientar som nyttar seg av legevakta. Vidare er det aktuelt å kontakte departementet for å høyre om det finst prosjektmidlar til ein felles legevaktsentral.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samarbeidsrådet for legevaktsamarbeidet i Vest-Telemark har med representantar frå alle kommunane i regionen, utanom Nissedal som er på veg ut. Samarbeidsrådet har ikkje formelle mandat anna enn å syte for god drift av legevaktsentralen i Seljord, i tillegg til å få til eit godt samarbeid og å vere eit rådgjevande organ.