Marknadsfører ikkje heile kommunen
Me må bli meir aktive og kreative skal me skape verdiar og utvikle Vinje i framtida. Det me ser i dag er ikkje godt nok, meiner Ragnvald Christenson frå Haukeli. Han ynskjer eit eige selskap med representantar frå dei tri næringslaga Vinje næringslag, Rauland Turist og Reisemål Haukelifjell, i tillegg til kommunen. Christenson synest ikkje Rauland Turist klarer å marknadsføre heile kommunen, noko styreformann Geir Midtbø i Rauland Turist er sterkt ueinig i.
Skal me få til ei positiv utvikling av kommunen må me bli meir effektive. Det må bli eit betre og meir aktivt og konstruktivt samarbeid mellom næringslivet i kommunen. For å få til dette må næringslivet koma meir med i utforminga og styringa av næringspolitikken, seier Ragnvald Christenson frå Haukeli.
Næringsplanen i Vinje frå 1995 er for tida under rullering. Christenson håpar dei nye folkevalde innser at det handlar om å utvikle heile kommunen til beste for alle.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg trur ikkje kosmetiske endringar i næringsplanen gjer noko frå eller til, dersom hovudprinsippa frå noverande plan og praksis vert ført vidare. Det må til ei omorganisering i næringslivet, meiner Christenson.
Nytt selskap
Han har fremja eit forslag om at det blir skipa eit nytt nærings- og marknadsføringsselskap med kommunen og dei næringsdrivande som aksjonærar. Selskapet skal stå for utviklinga av kommunen saman med administrasjonen og den politiske leiinga. Christenson trur dette vil føre til at næringslivet vil kunne påverke utviklinga i kommunen betre med denne modellen enn tilfellet er i dag.
«Det vil vere eit breiare forum til å sjå heile kommunen, og koma med visjonære planar. Me må bli meir aktive og kreative skal me skape verdiar og utvikle Vinje i framtida. Det me ser i dag er ikkje godt nok», skriv Christenson i eit brev til dei tri næringslaga; Vinje næringslag, Rauland Turist og Reisemål Haukelifjell, i tillegg til kommunen.
Han ser for seg at landbrukskontoret blir knytt tettare til det nye nærings- og marknadsføringsselskapet og at det noverande næringskontoret vert lagt ned. Til å styre dette selskapet blir det tilsett ein turist- og næringssjef, skisserar Christenson.
Marknadsføre heile kommunen?
I fylgje Christenson er det styret i Rauland Turist som styrer utviklinga i kommunen i dag, i og med at selskapet har hand om økonomien og set opp budsjetta. Christenson meiner organiseringa gjer at dei andre partane kjem for seint inn i prosessar til å kunne endre noko, og han set spørjeteikn ved om Rauland Turist klarer å marknadsføre heile kommunen.
Maktfordelinga har ført til at delar av kommunen har fått ulik fordeling når det gjeld aktivitetar, investeringar og marknadsføring, seier Christenson. Han viser til internettsida til Vinje kommune der ein kjem rett til «Fjellbygda Rauland» om ein klikkar på linken «Reiseliv».
Han meiner næringslaga og kommunen må dra i same retning og sjå moglegheiter og ikkje problem.
Det ligg store moglegheiter i Vågslid og Haukeli-området. Her ligg framtida med tanke på utvikling. Det er stor tomtetilgong til hytter og E134 er gjennomfartsåra seier, Christenson og peikar på at ved trafikkteljinga frå 2002 passerte 474.500 køyretøy på europavegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me må utnytte gjennomgangstrafikken betre, meiner han.
Samarbeid for å bli feberfri
Christenson vil ikkje bli oppfatta som sinna, men vil ikkje la seg styre og berre halde kjeft. Han understrekar at han uttalar seg som privatperson, og ikkje på vegne av Reisemål Haukelifjell. Han synest det er tregaleg at ein kranglar internt om marknadsføringa av kommunen.
Me har nok med å slåss mot konkurrentane. Dei er mykje større enn oss. Solo-løp vil alle tape på, inkludert dei flinke. Om turistane blir dregne vekk frå Telemark har me alle tapa. Eg skreiv mitt fyrste brev til kommunen i 1976. Då gjaldt det protest mot vegomlegginga. Faktisk så er dei same basillane i systemet dag. For å bli feberfri må me samarbeide. Det er administrasjonen si oppgåve å sjå faresignala. Dei burde ha sett tendensane for lenge sidan, meiner Christenson.
Det er nokre personar som er stae og stridige i å profilere eiga bedrift, hevdar han.
Han understrekar at han forstår interessene til dei private næringsdrivande i Rauland og kyter av det dei har fått til.
Men det er heile Vinje som må bli marknadsført. Saman er me sterke, hevdar han.
Ikkje behov for omorganisering
Verken leiar i Nærings- og prosjektutvalet, Wenja Rui, eller styreformann i Rauland Turist, Geir Midtbø, ser behovet for store endringar i dagens næringsplan.
Geir Midtbø er sterkt kritisk til utspelet om at Rauland Turist ikkje marknadsfører heile kommunen godt nok.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein kan alltid ynskje meir pengar til marknadsføring av kommunen. Men det er viktig å understreke at kronene som kjem frå kommunen blir brukt til å marknadsføre heile kommunen. Rauland Turist jobbar seriøst og har gjennomført oppgåva kommunen har gjeve oss, seier Midtbø.
Kva med at Christensom meiner næringslaga kjem seint inn i prosessar?
Me er tilgjengelege året rundt og opne for alle innspel. Forslaget om eit nytt nærings- og marknadsføringsselskap er for drastisk, men me må akseptere at enkelte ikkje er samde i prioriteringane, meiner Midtbø.
I eit svarbrev til Christenson skriv han; «En ser ikke behov for omorganisering innenfor de rammer du skisserer i ditt brev. En diskusjon om fremtidig næringspolitikk og markedsføring av kommunen bør gjennomføres gjennom en rullering av næringsplanen», svarar styreformann Geir Midtbø i Rauland Turist AS.
Rauland Turist er knallflinke. Bedriftene får takke seg sjølve. Det er fritt fram for alle bedrifter i kommunen å vere med og dra lasset. Selskapet marknadsfører heile kommunen. Alle næringslaga er representert i nærings- og prosjektutvalet i kommunen, eit hovudutval som yter pengar til Rauland Turist, seier leiar Wenja Rui.